ATTEST: Regjeringa vil at folk som jobbar i den kommunale helsetenesta skal bli pålagte til å leggja fram politiattest. Foto: Arkiv. 
ATTEST: Regjeringa vil at folk som jobbar i den kommunale helsetenesta skal bli pålagte til å leggja fram politiattest. Foto: Arkiv. 

Regjeringa vil krevje politiattest i helsetenesta

Regjeringa foreslår at det blir innført eit ufråvikeleg krav i alle kommunar om politiattest for alle som jobbar i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

  • Endret

– Dette vil gi auka tryggleik for pasientar, brukarar og deira pårørande, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Statsråden påpeikar at det er viktig at pasientar, brukarar og deira pårørande har tillit til alle som yter tenester i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Han seier dei som brukar desse tenestene ofte har dårleg helse.

Mange får også tenester i sin eigen heim, noko som gjer dei meir utsette for tjuveri og annan form for utnytting.

Betre vern av eldre

– Med kravet om politiattest gir vi ei utsett og sårbar gruppe betre vern mot overgrep, skadar og tjuveri, seier Høie.

Kravet om politiattest skal gjelde uavhengig av kva for pasient- eller brukargrupper ein skal yte tenester til. Alt personell skal legge fram same type attest.

Den skal gi informasjon om alvorlege narkotika-, valds- og sedskapsbrot, og om lekamskrenking, ulovlege tvangsbrotsverk, fridomskrenking og vinningslovbrot. 

For å få tilgang på politiattesten sin, kan ein gå inn på Politi.no

– Det er veldig enkelt å henta ut politiattest og folk burde bli flinkare til å nytte seg av politiet sine resursar, seier Magne Knudsen, lensmann i Årdal til Porten.no. 

Til toppen