– ESSENSIELT: Arnt Erik Henjum i Tya Bryggeri seier det vil vere heilt essensielt for deira bryggeri dersom regjeringa kuttar i avgifta på øl frå mikrobryggeri. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).
– ESSENSIELT: Arnt Erik Henjum i Tya Bryggeri seier det vil vere heilt essensielt for deira bryggeri dersom regjeringa kuttar i avgifta på øl frå mikrobryggeri. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).

Regjeringa vil kutta i avgifta på øl frå mikrobryggjeri

– Det er heilt essensielt at dette kjem på plass, seier Arnt Erik Henjum.

Årdal: Henjum, som er ein av gründerane bak det lokale bryggeriet Tya i Årdal, er positiv til regjeringa sitt forslag om å redusera alkoholavgifta på øl frå mikrobryggeri. Regjeringa har bedt skatteetaten om å utarbeida eit høyringsnotat.

– For å seie det rett ut er det heilt essensielt at dette kjem på plass. Me ser at det er mange rundt oss som slit – det gjer me sjølve – med å klara seg i marknaden. Dette er ei gullpakke for oss, seier han.

Forslaget gjeld mikrobryggeri som produserer mindre enn 500 000 liter øl i året. Det er Tya godt innanfor med sine 100 000 liter. 

– Eit bryggeri som oss vil få rundt 15 prosent rabatt på avgifta. Det utgjer ganske mykje for oss. Me betalar nesten 150.000 kroner i månaden til staten for alkoholavgifta, legg han til og forklarar at for kvar flaske med øl dei sel, går rundt 22 kroner til staten. 

Ikkje billigare øl som er målet

Finansdepartementet forsikrar at målet er ikkje å gi forbrukarane billigare lokalprodusert øl.

– Det er normalt dyrare å produsera øl i mindre volum, og eg tvilar sterkt på at avgiftsletta vil koma forbrukaren til gode i form av billegare lokalprodusert øl. Endringa er først og fremst ei handsrekning til gründerane, seier stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp).

Vurderer å tilsette ny seljar

Likevel vil det tydelegvis ha mykje å seie for bryggeri som Tya, som er i ei næring i vekst. 

– Produksjonen går veldig bra, men me gjekk ein del i underskot i fjor. Det er planlagt, men ikkje så mykje. Salet har ikkje vore heilt som venta fram til no i år, og me har bygd eit ganske stor lager. Der må me gjere ein del grep, fortel Henjum.

Då kan eitt grep vere å tilsette ein seljar på Austlandet, som er eit område dei per i dag er lite representert. 

Skatteetaten har fått frist til 30. august for å koma med eit utkast til eit høyringsnotat.

Til toppen