Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane, meiner at færre tingrettar vil påverke rettstryggleiken i landet vårt.
Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane, meiner at færre tingrettar vil påverke rettstryggleiken i landet vårt. (Bilde: Privat)

MEININGAR

Regjeringsoppnemnd utval vil kutta talet tingrettar: – Stortinget må slå ring om dei

Raudt Sogn og Fjordane meiner det er skadeleg sentaliseringspolitikk å kutte talet på tingrettar i Noreg frå 60 til 22.

Vestland: Det regjeringsoppnemnde utvalet som har fått namnet Domstolkommisjonen vil kutte talet på tingrettar i Noreg frå 60 til 22. Dette er nok eit døme på den skadelege sentaliseringspolitikken som har rasert mykje i landet vårt dei siste åra.

Dette framlegget vil, om det vert realisert, føre til at mange vil få lenger reiseveg til tingretten, samstundes som tingrettane vil ha ein svakare lokal forankring. Dette vil svekke rettstryggleiken i Noreg.

– 14 av medlemmane i utvalet bur i ein av landet sine største byer

I Kommunal Rapport kan ein lese at Domstolkommisjonen berre har eit medlem som ikkje bur i eit større byområde. Ifølgje Nationen bur 14 av dei i alt 16 medlemmane i dette utvalet i ein av landet sine største byer. Her har vi nok forklaringa på at dette distriktsfiendtlege framlegget har kome. Dette utvalet består av folk som i det daglege har lite erfaring med dei vanskane som kjem med lang reiseveg til sentrale tenester.

Fagforbundet Norsk Tjenestemannslag, som organiserer statstilsette, protesterer mot framlegget om reduksjon i talet på tingrettar. Dei er ikkje åleine. Framlegget møter òg kritikk få mellom andre ei rekkje ordførarar og stortingsrepresentant for Høgre frå Nord-Trøndelag, Elin Agdestein.

Av omsyn til både rettstryggleiken i landet vårt og dei tilsette i tingrettane så må vi krevje av Stortinget at dei slår ring om samtlege av dei tingrettane som vi har i dag.

Til toppen