ARBEID TIL ALLE: Sogn og Fjordane treng ei ny, Arbeidarparti-leia regjering som vil gjere arbeid til alle til jobb nummer ein, skriv partisekretær Kjersti Stenseng.
ARBEID TIL ALLE: Sogn og Fjordane treng ei ny, Arbeidarparti-leia regjering som vil gjere arbeid til alle til jobb nummer ein, skriv partisekretær Kjersti Stenseng.

MEININGAR: Regjeringsskifte betyr eit sterkare Sogn og Fjordane

Arbeidarpartiet kjem alltid til å ha arbeid til alle som jobb nummer ein. Vi veit at verdiane må skapast før dei kan delast. Sogn og Fjordane er eit skaparfylke. 

Til hausten skal både sogningar og fjordingar, ja heile Noreg ta eit val: mellom nye skattekutt til dei med mest frå før eller ei regjering som satsar på arbeid til alle, ein god skule for ungane våre og ei verdig eldreomsorg.

Førre veke vitja eg både Sogndal og Førde – eit tverrsnitt av kraft-, industri-, og jordbruksfylket. Breie U-daler og vakre isbrear: Eirik Blodøks, Nikolai Astrups og Eirik Bakkes rike. Men diverre har dei fire siste åra vore fire bortkasta år for Sogn og Fjordane. Rekordstore skattekutt i milliardklassa til dei rikaste har ikkje kome fylket til gode. Under Høgre og FrP har over 20 milliardar vorte brukt på skattekutt kvart einaste år: 80 milliardar over fire år som kunne ha vore brukt på tenester som er viktige for folk i både by og land. På barnehage, på skule, på omsorg for våre eldre. Det er ikkje hjelp i at dei rikaste får meir, når dei som sitt nedst ved bordet og folk flest sit igjen med smular.

Høgre og Framstegspartiet har brukt tida slett, på til dømes lakrispiper og segway, framfor dei viktigaste sakane for folk i dette landet. Arbeidarpartiet vil satse annleis: Vi vil gjere det viktigaste i Noreg til det viktigaste i politikken. Vi ønskjer å bruke pengane på fleire barnehageplassar, for våre yngste. Vi vil satse på ein skule der alle ungane blir sett og får ein god og jamstilt start på livet. Vi kjem til å prioritere å ta vare på våre eldre og gi dei den omsorga dei fortener i livets haust.

Skal folk greie å ta ut sitt eige potensiale, produsere og leve gode liv, treng dei tryggleik. Tryggleik for arbeid og tryggleik i arbeid. Tryggleik for at borna blir teke vare på: både i barnehagen og på skulen. Vi treng tryggleik for at ei mor eller ein bestefar får den hjelpa dei treng når alderdomen krev det. Det er så mykje viktigare å sjå folks behov i kvardagen enn å kutte i skattane for dei med mest frå før av.

Sogn og Fjordane treng ei ny, Arbeidarparti-leia regjering som vil gjere arbeid til alle til jobb nummer ein. Fjordfylket treng nye arbeidsplassar, fleire kompetansearbeidsplassar og ei regjering som veit kva industripolitikk er for noko. Vi vil få på plass ei utjamningsordning for nettleige, slik at skaparfylket Sogn og Fjordane ikkje blir straffa for å vere ein av Noregs fremste kraftprodusentar. Det sikrar industrien, skapar tryggleik for arbeidsplassane som finst og gjer det mogleg å satse på nye, grøne arbeidsplassar. Ei ny Arbeidarparti-regjering betyr eit sterkare Sogn og Fjordane.

Kjersti Stenseng, partisekretær i Arbeiderpartiet

Til toppen