MYKJE BLÅTT: Heile fylket vil få seg ein god skyll i helga. Kartet viser varselet for morgonen laurdag.
MYKJE BLÅTT: Heile fylket vil få seg ein god skyll i helga. Kartet viser varselet for morgonen laurdag. (Foto: Skjermdump/Yr.no)

Regn gir høg flaumfare: – Det er frå før høg vassføring

Indre Sogn vil som resten av Vestlandet få mykje regn i helga. Saman med auka snøsmelting gir det stor fare for flaum.

Indre Sogn: På varsom.no melder NVE om høg flaumfare i Sogn og Fjordane og i Hordaland i helga. Alle kommunane i Indre Sogn er omfatta av varselet.

– Det er venta mykje regn laurdag og søndag, opp mot 180 milimeter på 48 timar. Nedbøren vil koma som regn høgt til fjells, og der det ligg snø vil snøsmelting medverka til auka vassføring. Det er frå før høg vassføring i flere vassdrag, skriv dei i varselet på varsom.no.

Intensiteten på nedbøren vil variera, men der det kjem mest regn kan flaumfaren nå oransje nivå. Det er det nest høgaste nivået på skalaen etter raudt. Ein flaum av denne storleiken er venta sjeldnare enn kvart femte år.
 
Moglege konsekvensar er stengde vegar og bruer, og at flaumen kan gjera skade på utsette stader. Folk blir rådde mellom anna til å halda seg oppdaterte på utviklinga av vêret, sikre kjellarar og andre verdiar som ligg langs elver og bekkar, som til dømes bilar og campingvogner.

Til toppen