ORANSJE FARENIVÅ: Bilete viser haustflaumen i 2014 då elva Utla var ekstremt høg. Arkivfoto: Mads Heggø.
ORANSJE FARENIVÅ: Bilete viser haustflaumen i 2014 då elva Utla var ekstremt høg. Arkivfoto: Mads Heggø.

Regn og snøsmelting gjer at NVE åtvarer mot stor fare for både flaum og skred

I 11-tida i dag sende NVE ut to varsel på ein gang, begge på oransje nivå, det nest høgste farenivået til NVE. Sogn og Fjordane og Hordaland er mest utsette.

Sogn: Fredag er det venta store nedbørsmengder på Vestlandet, opp mot 100 millimeter. Samtidig er det forventa auka snøsmelting på grunn av høgare temperaturar og sterk vind. Det gjer at faren for både skred og flaum aukar.

– Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret. Oransje nivå er ein alvorleg situasjon som førekjem sjeldan, skriv NVE i varselet på varsom.no.

Faren for jord-, sørpe- og flomskred stig frå fredag kveld. NVE skriv at det allereie er mykje vatn i grunnen og at enkelte plassar kan jorda allereie vera metta. Faren er venta å avta i løpet av kvelden laurdag, når nedbøren minkar og temperaturen kryp ned mot null att.

Faren for sørpeskred gjeld særleg der det er meir enn ein halvmeter med snø. Område med nysnø er spesielt utsette, sidan nysnø raskt blir metta med vatn. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette.

Det er òg venta auka vassføring i små og middels store elvar natt til lørdag. NVE rår folk om å halde vannvegar og avløpsrøyr fri for snø, is, rusk og rask. Samstundes ber dei folk halda seg unna elver og bekkar med mykje vatn. 

– Følg med på værprognoser og værradar, samt oppdateringer på varsom.no, er den siste oppfordringa.

Vassføringa er venta å minka i Sogn og Fjordane i løpet av laurdag ettermiddag. NVE skriv at situasjonen er følsom for endringar i temperatur.

Til toppen