Sogn: – Det er ordentleg ruskevêr i dag med ein god del og regn, noko som vil halda fram ut kvelden, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Rannveig Eikill.
Utover natta skal ruskevêret minka gradvis, men det kan framleis oppstå ein god del vind i fjellet.
– Det kan vera fare for snø i fjellet, men så skal det bli opphold utover dagen.
Eikill seier at dette er starten på det som skal bli ei solfylt veke med mange plussgrader.
– Det bygger seg opp eit stort høgtrykk over Sør-Norge, så det ser ut til at det kan bli fine dagar på Vestlandet framover.