Eidsbugarden: På årets Vinjerock i helga var det duka for ei aldri så lita historisk hending då tidenes første offisielle Vinjepride vart arrangert.
– Me vil visa at alle er velkomne i fjellet, og at du ikkje skal vera redd for å vera den du er, om du no går på tur eller besøker ei DNT-hytte, seier John Henry Schieldrop, som saman med Gry Walstad og Line Myhre stod bak markeringa.
Etterlyser mangfald i fjellet

Han vart kjend med medarrangør Gry Walstad då ho hadde med seg eit regnbogeflagg på festivalen i fjor. Allereie då kalla dei det Vinjepride, men i år bestemte dei seg for å gjera det skikkeleg.
– Det har vore ei fantastisk markering, som gjekk over all forventing, seier Schieldrop.
Årets Vinjepride starta med at alle som ønskja gjekk ein tur opp til Reinsbukken, den digre skulpturen som står på ei høgd over Eidsbugarden. Det vart halde appellar der bodskapen var at det trengst meir mangfold og fargar i fjellet. Etterpå var det homo-hour i Solbaren på festivalområdet.
Turde ikkje stå fram
Schieldrop reknar med at ein stad mellom 120 og 150 personar tok del i markeringa.
– Me hadde vore nøgde om tjue stykk hadde møtt opp. At så mange blei med for å visa mangfald, solidaritet og støtte var heilt fantastisk, og det var veldig rørande å sjå det lange toget av fargesprakande og glade vinjerockarar me hadde bak oss då me gjekk oppover fjellsida, seier han.
For arrangørane er det viktig at aksepten for dei skeive si sak får erobra stadig nye arenaer i samfunnet. For nokre år sidan jobba Schieldrop sjølv to år på aluminiumsverket i Øvre Årdal.
– Noko som gjer den tida spesiell er at eg kom ut av skapet, ikkje til folk i Årdal, men til dei heime i Bergen. Eg følte kanskje at industribygda ikkje var klar for det den gongen. Det er ikkje alle arenaer som er like klare. Andre er klare, men det manglar berre rollemodellar, seier Schieldrop.