Regnet la ingen dempar på Jordeplestemninga

DDE var det store trekkplasteret då Jordeplerock braka laus på fredag. Sjå bilete frå første dag av festivalen.

Lærdal: Vêrgudane spelte ikkje heilt på lag, men med store namn som DDE på scena var stemninga likevel sikra på Jordeplerock fredag.

– På eitt tidspunkt så berre pøsa det ned. Men folk var fortsatt kjempeblide. Det regna såpass at eg trur dei tenkte, javel, då får vi berre omfamne det, seier Torgeir Skjerdal, ansvarleg for marknadsføring og media under Jordeplerock.

Den verste skuren gav seg derimot kjapt og etter det tykkjer han vêret heller var med på å byggje opp om stemninga.

– Det vart nesten ei trollsk stemning då skyene hang over scena. Det gjorde oss absolutt ingenting at det regna i går, seier Skjerdal.

​Les også: Billettsalet går som ein vind

I fjor vart salet stoppa då 1200 personar hadde løyst billett. I går vart det sett ny rekord med 1300 personar innom i ellevetida.

– Det er vi sjølvsagt strålande nøgde med. Og vi føler at vi var enno betre budde på å handtere ein såpass stor gjeng enn det vi var i fjor, seier Skjerdal. 

I dag er det på ny duka for ny fest med artistar som Eirik Sognnes & Heil Ved, Kjartan Lauritzen, Katastrofe og Sandra Lyng.

– Vi håpar å overstige publikumstalet frå i fjor. Då var det 600 personar inne og eg trur det kjem litt fleire folk i år. Førehandssalet tyder på at vi har truffe bra på miksen av artistar, seier Skjerdal.

Til toppen