PADLEKURS: Bulder og Brak Opplevingar har padlekurs kvart år under Målrock helga. I år var inga unntak.
PADLEKURS: Bulder og Brak Opplevingar har padlekurs kvart år under Målrock helga. I år var inga unntak. (Foto: Torunn Laberg)

Regnet stogga ikkje desse padlarane

– Me vil at festivaldeltakarane skal få oppleve naturen her, og oppleve meir av Årdal, seier Torunn Laberg, dagleg leiar i Bulder og Brak Opplevingar.

Årdal: For tredje året på rad har Bulder og Brak Opplevingar heldt kajakkurs under Målrockhelga. 

Og i år, tross for regn, var inga unntak. 

– I går starta me grunnkurset i kajakkpadling. Me vil at festivaldeltakarane skal få oppleve naturen her, og oppleve meir av Årdal, seier Torunn Laberg, dagleg leiar i Bulder og Brak Opplevingar. 

Ifølgje Laberg var det ein flott tur frå Vikadalen til Indre Ofredalen, trass regnet. 

PADLAR I REGN: Kursdeltakarane var nøgde med turen frå Vikdalen til Indre Ofredal, ifølgje Torunn Laberg. Foto: Torunn Laberg

Lyn og torden stogga topptur

Som del av friluftsprogrammet under festivalen hadde Laberg og Bulder og Brak planlagt ein tur til toppen av Soleiebotntind, som er ein av toppane i Hurrungane. 

Men vêret spelte ikkje på lag.

– I år skulle me ha topptur til Soleiebotntind, men det var meld lyn og torevêr, så me var rett og slett nøydde til å avlysa.

– Det går ikkje an å gå opp der i slikt vêr. Det er eit 2000 meter høgt fjell, så der vil ein ikkje vera om det byrjar å lyne, ler Laberg. 

Ho seier det var seks som var meldt på toppturen, som sjølvsagt vart skuffa då han vart avlyst. 

– Vêret kan ein ikkje styra. Men fjellet reiser ingen veg så ein får fleire sjansar, seier Laberg. 

Til toppen