RASKASTE KVINNE: Kia Gemechu sprang over målstreken som raskaste kvinne med tida 37:12 i Vettisløpet 2015. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
RASKASTE KVINNE: Kia Gemechu sprang over målstreken som raskaste kvinne med tida 37:12 i Vettisløpet 2015. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Regntung dag på Vettisløpet

Førdianaren Vetle Uhre Hammersvik (16) sprang i mål med beste tid.

I år er det 30 år sidan Vettisløpet i Årdal vart arrangert for fyrste gong, og jubileumslaupet vart gjennomført i striregn frå start til slutt 1. pinsedag.

LES OGSÅ: Er du klar for Vettisløpet?

Som forventa

Mange tilskodarar trassa regnet og vitja Skåri denne søndagen i pinsehelga for å heie fram dei vel 400 deltakarane i Vettisløpet. Det var 70 påmeldte til den aktive klassen, og i tillegg deltok rundt 300 trimmarar i det tradisjonelle folkehelseprosjektet som vert arrangert av Jotun Idrettslag saman med bedriftslaget til Hydro. – Talet på deltakarar var som venta, seier ein fornøgd Rolf Breisnes som er med i arrangørgruppa.

Artikkelen held fram under biletet.

Publikum trassa regnværet for å sjå på Vettisløpet
BLAUTT: Med paraplyar og regnjakker var publikum klare for Vettisløpet.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Beste tid

Vetle Uhre Hammersvik frå Førde IL deltok i klassen gutar 12-17år, og var den fyrste til å kryssa målstreken og klokka stoppa på 32:17. Geir Steig frå Luster IL kom i mål berre nokre sekundar etter med tida 32:21.

Med tida 37:12 briljerte Kia Gemechu blant kvinnene og vart fyrste kvinne i mål denne søndagen. 

Det vart til tider kamp om sekundane i meterane før mål når det kom større grupper med jamngode deltakarar. Publikum var ivrig heiagjeng til alle og skapte god stemning ved målgang.

Artikkelen held fram under biletet.

FORNØGD: Christian Prestegård frå IL Fanaråk/Kondis vart best i klassen Menn 60-69 år med tida 41:18.
FORNØGD: Christian Prestegård frå IL Fanaråk/Kondis vart best i klassen Menn 60-69 år med tida 41:18.

Etter siste deltakar var komt i mål, var det duka for ein storstilt premieutdeling med mange premiar. Arrangørane var ekstra rause med premiane i år sidan Vettisløpet feirar 30 år.

Til toppen