SENTRALSTYREMEDLEM: Reidar Fugle Nordhaug (midten) er innstilt som sentralstyremedlem i AUF.
SENTRALSTYREMEDLEM: Reidar Fugle Nordhaug (midten) er innstilt som sentralstyremedlem i AUF. (Foto: Jostein Vedvik)

Reidar (21) frå Sogn og Fjordane er innstilt til AUF sitt sentralstyre: – Eg er stolt

Det seier Reidar Fugle Nordhaug frå Førde.

Sogn og Fjordane: I oktober er det tid for AUF sitt landsmøte i Oslo, og i dag blei det offentleggjort at Nordhaug er einstemmig innstillt som nytt sentralstyremedlem i ungdomsorganisasjonen. 

– Det er utruleg kjekt å vete at ein har tillit i organisasjonen til å kunne ta på seg eit såpass høgt tillitsverv. Dei andre eg kjenner som er innstilt er kanskje nokre av dei mest begava menneska eg har møtt gjennom livet, så eg er nesten litt overvelda, seier Nordhaug. 

Vil kjempa for bortebuarstipendet 

No gler han seg veldig til å få gjere det han trur på, og har jobba hardt for i mange år.

– Me har ein sak i AUF i Sogn og Fjordane som eg tykkjer er veldig viktig, og det er  bortebuarstipendet, seier han engasjert. 

Dette er ein av dei sakene han gler seg til å jobba for, i tillegg til andre distriktssaker frå Sogn og Fjordane. 

– Me ynskjer å minke den obligatoriske reisetida frå tre til to timar kvar dag, samt at me ynskjer å auka stipendet til 5700 kroner. Me meiner det er viktig at elevane skal få moglegheit til å bruka kvardagen på alt frå lekser til vener, i staden for å bruke dagen på ein buss. 

Sogn og Fjordane har ikkje vore representert på 10 år 

Dette er fyrste gong fylket er representert i sentralstyret sidan 2008. 

AUF: Nordhaug har vore aktiv i AUF sidan 2013. Foto: Privat

– Eg tykkjer det er gøy at fylket no blir representert, samstundes er det nesten litt rørande med tanke på at me skal slåast saman med Hordaland. Det er bra at Sogn og Fjordane får litt politisk innflytelse og moglegheita til å påverka inn i denne perioden, seier Nordhaug. 

Han meldte seg sjølv inn i organisasjonen i 2013, rett før valet.

– Det var fordi eg såg retorikken som blei brukt, at den blå-blå regjeringa kutta i skatt, og ville bygge ned velferdsstaten. Eit samfunn bygd på mindre felleskap provoserte meg, så då måtte eg engasjere meg i AUF. 

Og sidan har 21-åringen vore leiar for Førde AUF, fylkesleiar for AUF i Sogn og Fjordane, og leiar av Førde Arbeidarparti. 

Nordhaug: – Eg er positiv 

No gjenstår det å sjå på landsmøtet i oktober om Nordhaug blir sittande i sentralstyret.

– Eg er positiv for å sei det sånn, men eg er òg avhengig av at landsmøtet ynskjer å ha meg der. Men eg trur eg har ein del å bidra med, og at eg kan hjelpa til med å løfta saker frå Sogn og Fjordane opp sentralt. 

Om han blir sittande skal han halda fram med å bu i Førde. 

– Eg kjem til å kombinera jobben med reising, og Internett. Det kjem til å fungere heilt sjølv, avsluttar han. 

Til toppen