SENTRALSTYREMEDLEM: Reidar Fugle Nordhaug framanfor Arbeiderpartiet sin bygning.
SENTRALSTYREMEDLEM: Reidar Fugle Nordhaug framanfor Arbeiderpartiet sin bygning. (Foto: Jostein Vedvik)

Reidar er blitt sentralstyremedlem i AUF - den fyrste fylket har hatt på 10 år

På søndag la han bak seg ei hard veke med mykje politikk, og landsmøte i AUF.

Sogn og Fjordane: – Det har vore ei lang veke, men det er no kjekt òg, seier Reidar Fugle Nordhaug frå Førde. 

Landsmøtet varte frå torsdag til søndag, og hadde 16 delegatar frå Sogn og Fjordane. 

– Når arbeidet på søndag var over gjekk eg og sov, seier Nordhaug. 

Engasjert politikar 

Søndag kunne nemleg den unge og engasjerte 21-åringen jubla. Då blei det klart at han er nytt sentralstyremedlem i AUF, noko det er 10 år sidan fylket har hatt. 

JUBEL: Augonblikket det blei klart at Reidar var blitt sentralstyremedlem i AUF. Foto: Jostein Vedvik

– Det er utruleg kjekt å få den tilliten. Eg er takksam for å få eit enormt ansvar, men òg moglegheita til å påverka, samt gjera eit godt arbeid for dei grunnleggande verdiane som ein trur på. Eg skal gjera eit godt arbeid både for sosialdemokratiet, og Sogn og Fjordane, seier politikaren engasjert. 

Skal bu i Førde 

Han skal halda fram med å bu i Førde, men kjem til å farta mykje kring i landet dei neste to åra. 

– Det blir mange helger med sentralstyremøter, men òg ellers er me med på å støtta opp og aktivisera under dei tiltaka som er i landet. Det blir kjekt å sjå nye krinkar og krokar når eg reiser rundt og blir med på desse aktivitetane.

Fylkespartiet nøgde med eigne gjennomslag

I tillegg til å delta på landsmøtet sat Nordhaug i redaksjonskomiteen og jobba med 101 innsendte politiske forslag. 

– Me skreiv om over hundre forslag til 10 politiske saker, så det har vore lite søvn og mykje jobb. 

DELEGATANE: 16 medlemar frå AUF i Sogn og Fjordane på landsstyremiddag. Foto: Privat

Frå hans eige parti, AUF i Sogn og Fjordane, kom det mellom anna forslag om at alle skal ha lik rett på digitale hjelpemiddel både på nynorsk og bokmål i skulen. 

– Det har vore veldig viktig for oss. I tilegg fekk me gjennomslag for ein av dei viktigaste saka vår, nemleg bortebuarstipendet. Me meiner dagens ordning er for dårleg, og at tre timar reiseveg kvar dag hindrar elevar i å kunna bruka tida si på skule, lekser, og fritid. 

Nordhaug: – Vakkert demokratisk

– I tillegg har det vore viktig for oss at Årdal, Svelgen og Høyanger, dei store distriktssamfunna, får gjenninnføra eigedomsskatten som ein hadde på bruk og verk, det utgjer ganske mange titals millionar kroner, seier Nordhaug.

BESØK: På landsstyremiddagen fekk AUF-arane besøk av Jens Stoltenberg. Her saman med Sandra Tenud. – Det er alltid stas når sjølvaste generalsekretæren i NATO kjem, seier Nordhaug. Foto: Privat

Han er svært nøgd både med gjennomslaga partiet hans har fått, men òg heile landsmøtet. 

– Det er alltid like kjekt når hundrevis av AUF-arar samlast og diskuterar politikk. Det er så vakkert demokratisk, for her sit ungdommar og bestemmer politikk som ein dag skal bli både Arbeidarpartiet og Noreg sin politikk. 

AUF på nynorsk

I tillegg til å vedta mykje politikk, har AUF gjort eit stort framsteg på namnefronten.

– Me har vedteke namnet til AUF på nynorsk, samisk og kvensk. No heiter det "arbeidarane si ungdomsfylking", noko som er veldig viktig for oss. Folk frå heile landet tykte det var eit godt initiativ, seier Nordhaug stolt. 

Til toppen