SØRINGAR: Det samiske reindriftsområdet strekkjer seg så langt sør som til Hedmark. Her ved Femunden. Foto: Svein Nordrum / NTB scanpix
SØRINGAR: Det samiske reindriftsområdet strekkjer seg så langt sør som til Hedmark. Her ved Femunden. Foto: Svein Nordrum / NTB scanpix

Reindrift gjennom åtte årstider

Reindriftsåret blir tradisjonelt delt inn i åtte årstider. Nå står haustsommaren for tur.

Det er ikkje berre sauer, kyr og geiter som reiser av stad for å bli feite og fine om sommaren. Også reinen bruker sommaren på å beite seg opp nokre kilo. Dei fleste av dei er tamrein – i Noreg finst det kring 30.000 villrein, medan talet på tamrein er nærmare ti gonger så høgt, rundt 250.000. Villrein finst dessutan berre i dei sørlege fjellområda, medan vi kan sjå tamreinen kan frå Hedmark i sør til Finnmark i nord.

Artikkelen held fram under biletet

TAMREIN: Reinen i Noreg er i hovudsak tamrein, og blir flytta gjennom året mellom haust-, vinter-, vår- og sommarbeite.
TAMREIN: Reinen i Noreg er i hovudsak tamrein, og blir flytta gjennom året mellom haust-, vinter-, vår- og sommarbeite.

– Reinen er vanlegvis på sommarbeite frå mai til september, seier fagsekretær i Norske Reindriftsamers Landsforbund, Per M. Sara.

Tradisjonelt blir reindriftsåret derimot ikkje berre delt inn i sommar, haust, vinter og vår, men blir skildra ut frå dei åtte årstidene som finst i det samiske språket.

Reindriftssamane blir også gjerne kalla «dei åtte årstiders folk».

Kalvemerking

Om sommaren skal kalvane merkast. Alle reineigarar har sitt eige merke for å skilje dyra frå kvarandre. Kalvane følgjer simla, så det er lett å sjå kven som eig kalven.

Artikkelen held fram under biletet

FLOKKDYR: Gjerder gjer arbeidet med skiljing av flokken enklare.
FLOKKDYR: Gjerder gjer arbeidet med skiljing av flokken enklare.

– Vanlegvis merker ein kalvane rundt sankthanstider, men det har vore mykje snø i år, så nokre stader er merkinga forseinka, seier Sara.

Når reinen skal samlast til merking, kan dyra vere spreidde over store område. Reineigarar tar i dag i bruk både ATV, snøscooter og helikopter for å samle, drive og halde auge med flokken.

– Tidlegare måtte ein leggje bak seg store avstandar til fots, nå er næringa modernisert, fortel Sara. Næringa er derimot i stor grad framleis familiebasert, heile familien deltek i arbeidet.

Slakt og brunstperiode

Etter sommaren følgjer haustsommaren, perioden august-september.

– Når sommaren er over, blir reinen samla igjen, og ein vel ut dyr til slakt. Dei siste åra har 70 prosent av slaktedyra vore kalvar, og dei bør helst slaktast når dei er i best hold, det vil si helst så tidleg som mogleg etter sommarbeitet, seier Sara.

Artikkelen held fram under biletet

MOTORISERT: Snøscooter og andre motoriserte køyretøy har gjort det enklare å vere reineigar. Her frå Kautokeino vinterstid.
MOTORISERT: Snøscooter og andre motoriserte køyretøy har gjort det enklare å vere reineigar. Her frå Kautokeino vinterstid.

– I tillegg til slaktinga merker ein dei kalvane som ikkje har blitt merka på sommaren, fortel han.

Etter at slakting og merking er unnagjort, blir dyra flytta til haustbeite.

– Reinen kjem vanlegvis i brunst i september. I dei vekene brunsten varer, bør reinen ha mest mogleg ro så ikkje paringa blir forstyrra, forklarer han.
Utover haustvinteren blir reinen etter kvart flytta til vinterbeite. Kvar reinen har sommar- og vinterbeite, varierer etter kor i landet dei held til.

– I Finnmark beiter reinen stort sett ved kysten eller på øyane om sommaren, og i innlandet om vinteren, seier Sara.

Artikkelen held fram under biletet

SKILJING: Før kalvingsperioden om våren må oksane skiljast frå resten av flokken.
SKILJING: Før kalvingsperioden om våren må oksane skiljast frå resten av flokken.

Tamreinlaga i Sør-Noreg, derimot, nyttar høgfjellsområde som sommarbeite og lågareliggjande fjell- og skogsområde i søraust som vinterbeite.

Låg som vinterføde

Når det nærmar seg juletider, har gjerne snøen kommen for å bli, og reinen må grave seg ned til beitet med klovene.

– Om vinteren held reinen til i skoglendt terreng der han hovudsakleg et lav, fortel Sara.

Artikkelen held fram under biletet

ENGERDAL: Det sørlegaste samiske reindriftsområdet ligg i Engerdal i Hedmark. Her beiter reinsdyr i vasskanten.
ENGERDAL: Det sørlegaste samiske reindriftsområdet ligg i Engerdal i Hedmark. Her beiter reinsdyr i vasskanten.

Vanskelege vêrforhold om vinteren kan redusere tilgangen på mat. Særleg kan regnvêr etterfølgt av frost gjere det vanskeleg for reinen å få nok næring. Nokre gonger må reinen flyttast, og støttefôring kan også bli nødvendig.

I tillegg til harde vintrar er rovdyr ein trussel for reinen.

– I år er mange rein blitt tekne av ørn. Ørnen har ingen problem med å ta livet av ein kalv, og dei kan også angripe vaksne dyr, seier Sara.

I tillegg til ørn er det gjerne jerv, bjørn og gaupe som tar livet av rein.

Vår og nytt liv

Etter vinter kjem vårvinter, og reinen skal igjen ut på vandring.

– I april begynner reinen å trekkje mot kalvingslandet. Då må dei ofte passast på, før ein i slutten av april flytter dei ut til kalvingsområda, seier Sara. Flyttinga frå vinterbeita til kalvingsområdet er rekna som starten på eit nytt driftsår.

Artikkelen held fram under biletet

VÅRFLYTTING: Ein reinflokk på Finnmarksvidda er på veg til vårbeite, og har tatt ein pause for å grave etter lav i snøen.
VÅRFLYTTING: Ein reinflokk på Finnmarksvidda er på veg til vårbeite, og har tatt ein pause for å grave etter lav i snøen.

Før kalvinga må bukkane skiljast ut.

– Dei går gjerne for seg sjølv, fortel han.

Reinkalvane blir fødde i same område år etter år, og simlene vel solrike stader der dei første vårvekstane spirer. Det er ei sårbar tid, og simla kan støyte kalven frå seg dersom ho blir forstyrra.

Når kalvinga er over, kan reinen på nytt dra på sommarbeite. Nokre stader i landet flytter dei berre nokre få mil, andre stader reiser dei fleire titals mil for å komme til dei beste beitemarkene, der dei igjen kan ete seg feite på lauv, gras og urter.

(©NPK)

 

Til toppen