UANTE FØLGJER: – Ein situasjon med spreiing av sjukdommen vil også gi uante følgjer. På sikt vil antakeleg heile landet og heile Fennoskandinavia bli ramma. Etter vår meining er dette ei nasjonal krise, seier NRL-leiar Ellinor Marita Jåma. Illustrasjonsfoto
UANTE FØLGJER: – Ein situasjon med spreiing av sjukdommen vil også gi uante følgjer. På sikt vil antakeleg heile landet og heile Fennoskandinavia bli ramma. Etter vår meining er dette ei nasjonal krise, seier NRL-leiar Ellinor Marita Jåma. Illustrasjonsfoto (Foto: Arkiv)

Reindriftssamar nøgde med regjeringas villreinslakt

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er glad regjeringa tar tak og slaktar heile villreinstammen i Nordfjella for å hindre spreiing av skrantesjuke (CWD).

– NRL har vore svært bekymra og frustrert over at det har gått eit år sidan det første tilfellet av CWD vart oppdaga i Nordfjella, utan at styresmaktene har hatt ein klar strategi for korleis situasjonen skal handterast, seier NRL-leiar Ellinor Marita Jåma til NRK.

Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease (CWD)) er ein dødeleg prionsjukdom som angrip nervesystemet og vart påvist hos eit reinsdyr og to elgar i Noreg våren 2016. CWD kan ramme og blir spreidd mellom andre artar som rein, elg, hjort og rådyr.

– Ein situasjon med spreiing av sjukdommen vil også gi uante følgjer. På sikt vil antakeleg heile landet og heile Fennoskandinavia bli ramma. Etter vår meining er dette ei nasjonal krise, seier Jåma.

Kåre Rudningen, leiar av grunneigarlaget i Lærdal, seier til Nationen at det er ei veldig trist nyheit å få.

– Det er vanskeleg å seie at vurderinga er feil. Dersom vi ventar for lenge, vil det bli umogleg å lykkast. Men det blir veldig tøft for oss som opplever det, seier han.

Tiltaka inkluderer blant anna å skyte alle dyr i eit avgrensa område og legge området brakk i minst fem år. Andre tiltak er å fjerne saltslikkesteinar og å sette opp gjerde, gjete dyra, eller redusere bestanden i randsonene.

Til toppen