INGA AVGIFT: Det blir ikkje fellingsavgift for å jakta rein i Nordfjella sone 1 til hausten. Arkivfoto
INGA AVGIFT: Det blir ikkje fellingsavgift for å jakta rein i Nordfjella sone 1 til hausten. Arkivfoto (Foto: Arkiv)

Reinjegerane i Nordfjella slepp fellingsavgift

Under jegermøtet i Lærdal torsdag kom det fram at reinjegerane ikkje må betala fellingsavgift under haustens reinsjakt. Det kom også fram at slakta frå reinane som blir tekne ut etter den ordinære jakta, blir destruert.

Lærdal/Aurland: – Fellingsavgifta blir ikkje innkrevd. Det er mogleg me må finna ei anna løysing på det, men jegerane skal i alle fall ikkje betala avgifta, forklarar Erik Lund, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

Torsdag vart det arrangert informasjonsmøte for jegerane på vestsida av Nordfjella, det vil seia Lærdal og Aurland.

Til stades var representantar frå både Mattilsynet, Norsk institutt for naturforsking, Veterinærinstituttet, Miljødirektoratet, Statens Naturoppsyn, villreinnemnd- og utval for villreinområdet. 

Artikkelen held fram under biletet

INFORMASJONSMØTE: Podiet fekk ei rekkje både praktiske, kritiske og forskingsrelaterte spørsmål frå salen i den avsluttande spørsmålsrunden. Podiet bestod av, frå venstre: Veterinær ved seksjon for dyrehelse i Mattilsynet, Kristin Ruud Alvseike, CWD-koordinator i Veterinærinstituttet, Jørn Våge, CWD-koordinator i Mattilsynet Region Øst, Harald Øverby, CWD-koordinator i Norsk institutt for naturforsking, Christer Moe Rolandsen, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, Erik Lund, leiar i Nordfjella villreinutval, Sigmund Tveitehagen og Håkon Øydvin i Statens Naturoppsyn.
INFORMASJONSMØTE: Podiet fekk ei rekkje både praktiske, kritiske og forskingsrelaterte spørsmål frå salen i den avsluttande spørsmålsrunden. Podiet bestod av, frå venstre: Veterinær ved seksjon for dyrehelse i Mattilsynet, Kristin Ruud Alvseike, CWD-koordinator i Veterinærinstituttet, Jørn Våge, CWD-koordinator i Mattilsynet Region Øst, Harald Øverby, CWD-koordinator i Norsk institutt for naturforsking, Christer Moe Rolandsen, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet, Erik Lund, leiar i Nordfjella villreinutval, Sigmund Tveitehagen og Håkon Øydvin i Statens Naturoppsyn.

– Ekstraordinær situasjon

Hovudføremålet med møtet var å informera jegerar og grunneigarar om korleis dei skal opptre under jakta og særskild etter felling, korleis regimet for prøvetaking av CWD er praktisk lagt opp og korleis det heile er organisert i saneringsperioden, som startar med ordinær jakt frå 10. august til 31. oktober.

Les også: No er det endeleg: Utvida jakttid i Nordfjella

Eit av dei nye momenta som kom fram etter spørsmål frå salen var at jegerar og grunneigarar ikkje må betala fellingsavgift under jakta til hausten. 

– Her er det ein ekstraordinær situasjon med tre gonger så mykje løyver som normalt, og deretter skal heile stamma takast ut. Då finn me det riktig å ikkje krevja inn fellingsavgift, forklarar Lund.

Destruerer reinane som blir avliva ved statleg jakt og inndriving

Heile villreinbestanden i Nordfjella sone 1 med ei vinterstamme på kring 1800 skal vera fjerna innan 1. mai 2018 har landbruks- og matminister Jon Georg Dale bestemt.

Les også: Villreinstamma i Nordfjella skal slaktast

Saneringa skal gå føre seg i tre trinn. Først ved intensiv ordinær jakt frå 10. august til 31. oktober. Så skal eit statleg jaktlag inn og ta ut så mykje som mogleg. Til slutt skal reinane som er att drivast inn i inngjerdinar og avlivast.

Les også: Tvilar sterkt på at sanering til 1. mai er praktisk mogleg

Les også: – Skal me sanere for skrantesjuke, må me gjera det no!

Eit moment som vart framført for ein fullsett kultursal i Lærdal, var at kjøtet frå reinane som blir tekne ut av det statlege jaktlaget som skal inn etter at den ordinære jakta er slutt, pluss kjøtet frå reinane som blir avliva ved inndriving i reinsgjerder, kjem til å bli destruert. 

–Me gjekk inn med tanke på å få det til så kjøtressursen skulle utnyttast, men no er utgangspunktet at desse reinane blir destruerte, forklarar veterinær ved seksjon for dyrehelse i Mattilsynet, Kristin Ruud Alvseike.

Ho viser vidare til grunngjevinga i saneringsplan for uttak av villreinbestanden i Nordfjella sone 1:

«For statlig felling og inndriving, er det også vurdert ulike løsninger for å ivareta kjøtt fra felte dyr til humant konsum. Flere har imidlertid pekt på utfordringer relatert til smittevern, sporbarhet, kjøttkvalitet og omsetning. Vi har videre fått signaler om at reinkjøttet kan bli vanskelig å få omsatt på grunn av de spesielle forholdene. Kjøtt som skal omsettes som mat til mennesker har store logistiske utfordringer relatert til rask og riktig ivaretagelse i felt, samt transport til slakteri og selve slakteprosessen.

Disse utfordringene gjør uttaket mindre effektivt og reduserer sjansene for at vi lykkes med saneringen. Slakting og nedskjæring av skrotter kan også medføre en større fare for å spre sykdommen. Andre forhold som lave temperaturer og dårlig kondisjon på dyrene kan gjøre at det er mindre hensiktsmessig å ivareta slaktet som mat. Videre er det viktig for forskningsarbeidet og videre forvaltning at dyr som får påvist skrantesjuke kommer mest mulig intakte til mottak for diagnostikk og prøveuttak.

På denne bakgrunnen er det derfor besluttet at kjøtt fra villrein som felles av det statlige fellingslaget og kjøtt fra dyr som avlives etter inndriving, som hovedregel ikke skal ivaretas for humant konsum.»

Til toppen