FUGLEKIKKARSTAD: Øya Utsira i Rogaland er den staden i Noreg der det er sett flest ulike fugleartar. Kvar haust er det Bombeveke her, og sjeldne fuglar fell ned som overraskande «bomber» på øya. (FOTO: Helge Sunde / Samfoto / NTB scanpix)
FUGLEKIKKARSTAD: Øya Utsira i Rogaland er den staden i Noreg der det er sett flest ulike fugleartar. Kvar haust er det Bombeveke her, og sjeldne fuglar fell ned som overraskande «bomber» på øya. (FOTO: Helge Sunde / Samfoto / NTB scanpix)

Reis til eit fugleeldorado

Hausten er ei fin tid å sjå etter trekkfuglar. Det kan vere fasinerande å oppleve ein flokk med kortnebbgjæser som flyr skravlande over hovudet ditt. Eller å studere ei storlire, ein røyrdrum eller ein kanadalo – fuglar som nesten aldri elles er å sjå i Noreg.

Fuglekikkar Simon Rix drar ut for å gjere begge delar. Han ser gjerne etter kjente og kjære gjengangarar, men sporar helst opp meir sjeldne gjester.

– Ein treng ikkje å dra så langt. Det kan vere korte turar – til våtmarksområde, grunne innsjøar, åkerlandskap og øyar og halvøyar langs kysten. På slike stader er det på denne tida som regel mange ulike fugleartar som tar seg ein rast, samtidig som dei prøver å ete mest mogleg før dei flyr sørover, seier briten Rix, som bur i Oslo.

Han er medlem av sjeldsyntkomiteen i Norsk Ornitologisk Forening, komiteen godkjenner mellom anna funn av nye fugleartar i Noreg. Elles arbeider han som fugleguide, som regel for amerikanske fuglekikkarar som er på besøk i Oslo – på veg til eller frå Svalbard.

Norske fuglebomber

Ifølgje den internasjonale fuglevennorganisasjonen BirdLife er det på verdsbasis litt over 10.400 fugleartar. Dei aller fleste har aldri vore i Noreg.

 NY ART: Gulbrynsongaren har vorte eit symbol på sjeldne fuglegjester i Noreg. Han kjem hit frå Sibir, men skal eigentleg til Søraust-Asia.
 NY ART: Gulbrynsongaren har vorte eit symbol på sjeldne fuglegjester i Noreg. Han kjem hit frå Sibir, men skal eigentleg til Søraust-Asia.

Hos oss er om lag 255 artar rekna som meir eller mindre vanlege, det vil seie at dei enten hekkar her årleg, eller at dei har hekka her jamleg dei siste 20 åra. I tillegg er nærare 250 arter observerte her til lands, og dei fleste av desse er det svært uvanleg å sjå på våre trakter.

Fuglekikkarane kallar dei ei «bombe» når ein sjeldsynt vengekledd gjest flaksar ned for å setje føtene sine i norsk natur.

– I Noreg er den første veka i oktober den såkalla «bombeveka». Da er det størst sjanse for å oppleve ein fugl svært få – eller kanskje ingen – har sett her før. Sjansen for å oppleve ei slik bombe er størst langs kysten av Vestlandet. Mange reiser til Utsira, men det har vist seg at andre område langs norskekysten òg eignar seg godt for å sjå sjeldne gjester. Stadene som eignar seg best, er gjerne flate, lange øyar med lite vegetasjon, fortel Bjørn Frostad, fuglevenn frå Fredrikstad.

På denne tida av året er han fleire gonger i veka på fuglestasjonen på Akerøy, ei øy utan fastbuande i Hvaler kommune.

Auka fugleinteresse

Fram til på 1970-talet var fuglekikking noko berre dei ivrigaste entusiastane dreiv på med. Illustrerte fuglebøker, fugleinformasjon via internett og mange mobilappar med fuglelydar og fuglebeskrivingar har likevel endra på det. I dag kan ein mykje lettare enn før finne ut kva slags fugl ein ser, kor dei hekkar, når dei trekkjer og så vidare. I tillegg er både kikkertar og fotoutstyr mykje billigare enn for 30– 40 år sidan.

I 2011 kom Hollywood-storfilmen «The Big Year», som handla om ivrige fuglekikkarar som konkurrerer om å sjå flest fuglar gjennom eit år. I februar 2017 skal SVT sende realityserien «Det stora fågeläventyret», der kjendisar og fuglekjennarar kjempar om å sjå flest ulike fuglearter. Og sommarsatsinga «Fuglefjellet» på NRK fekk ganske stor merksemd. Å kikke på fuglar er tydelegvis ein trend.

Turisme knytt til fuglesafari har òg vorte meir populært. Varanger i Aust-Finnmark har dei siste åra vorte eit ettertrakta mål for fuglekikkarar frå heile verda, rett nok mest om sommaren. Om hausten er det trekkfuglar og uvanlege artar som fengjer, og under Bombeveka på Utsira er det dei «bortkomne» som er trekkplasteret. I år er det venta mellom 100 og 200 fugleinteresserte til den vesle rogalandsøya ute i havgapet. Dei vil helst sjå feilnavigerte fuglar som vanlegvis flyr over det amerikanske kontinentet eller mellom Sibir og Søraust-Asia.

– Utsira blir rekna som den beste staden å sjå fuglar som er sjeldne i Noreg. Ingen andre stader i landet har det vorte registrert så mange forskjellige artar som der, totalt fleire enn 330 av dei totalt cirka 500 artene som er sett i Noreg, fortel Egil Ween, fuglevenn frå Stavanger. Han har ansvar for fuglestasjonen på Utsira og er med på å arrangere Bombeveka i byrjinga av oktober.

Artikkelen held fram under bilete.

FANGAR OG SLEPPER FRI: Somme stader i landet blir det nytta nett under hausttrekka for å ringmerke fuglane og få auka kunnskap om dei. Dette er frå Utsira hausten 2014.
FANGAR OG SLEPPER FRI: Somme stader i landet blir det nytta nett under hausttrekka for å ringmerke fuglane og få auka kunnskap om dei. Dette er frå Utsira hausten 2014.

Flokkar og einstøingar

Om hausten reiser elles mange fuglekikkarar til fleire andre øyar langs kysten, eller til stader med rike ferskvatn og våtmarksområde, som Lista, Jæren og Ørlandet. Somme reiser nordover. Egil Ween og Simon Rix har årlege haustturar til Værøy i Lofoten.

– Her kan det faktisk vere større sjanse for å sjå sjeldne gjester enn ordinære trekkfuglar, og dei sjeldne kan dukke opp i store mengder. I ein del tilfelle må ein ha ganske god kunnskap for å oppfatte kva fuglar ein ser, men det er òg mogleg å sjå trekkfuglar som det er lettare å kjenne igjen, både på Værøy og andre stader langs kysten, seier Simon Rix.

Dei neste vekene kan ein oppleve flokkar av for eksempel kvitkinngjæser, krikkender, bokfinkar og kanskje heiloer og myrsniper. Fuglane tar seg ein pause før dei flyr vidare over Skagerrak, Nordsjøen eller Sør-Sverige. Ein del artar flyr meir eller mindre i einsam majestet – og somme trekkjer helst om natta.

– Derfor kan det lønne seg å vere tidleg oppe. Visse fugleartar er det berre mogleg sjå i frie omgivnader eit par timar etter at sola har stått opp, seier Rix, som snart reiser til Værøy igjen. Håpet er å sjå ein fugl der som ingen har sett i Noreg før.

– Det er jo det alle fuglekikkarar drøymer om, sjølv om det naturlegvis òg er fint å sjå artar som er meir vanlege, seier han.

Til toppen