CRUISE: Flåm er kåra til den sjuande beste cruisedestinasjon i verda. No fryktar turistnæringa at korona-viruset kan påverka årets sesong.
CRUISE: Flåm er kåra til den sjuande beste cruisedestinasjon i verda. No fryktar turistnæringa at korona-viruset kan påverka årets sesong. (Foto: Arkiv)

Reiselivet er uroa for langvarig korona-utbrot

Førre veke blei det innført utreiseforbod for kinesiske turistgrupper. No fryktar turistnæringa at dette kan få konsekvensar på kort og lengre sikt.

Flåm: Reiselivsselskapa Flåm AS og Fjord Tours, som har Vy, Tide og Fjord1 som dei største eigarane, har fått inn fleire avbestillingar den siste tida.

– Vi får krysse fingrane for at denne epidemien trekkjer seg tilbake fortast mogleg, seier dagleg leiar Steinar Aase i Fjord Tours til NRK Vestland.

Fjord Tours har den siste tida fått 30 avbestillingar, og Flåm AS har fått kanselleringar frå to større reisegrupper.

– Ti prosent av alle våre gjestar er frå den kinesiske marknaden. Det er klart at om utreiseforbodet strekkjer seg ut over sommaren, vil konsekvensane bli vesentleg større, seier sals- og marknadsdirektør i Flåm AS, Øyvind Holsen, til NRK.

Ifølgje Fjord Noreg er det førebels ikkje rapport inn avbestillingar utover det kortsiktige. På spørsmål om han er uroa svarar Aase:

– På ein skala frå ein til ti vil eg seia fem. Kald på eine foten og varm på den andre.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen