REISELIV: Gudvangen sett frå Stalheim hotel. Foto: Kenny Louie/Wikimedia Commons
REISELIV: Gudvangen sett frå Stalheim hotel. Foto: Kenny Louie/Wikimedia Commons

Reiselivet fryktar milliontap etter tunnelbrann

Fleire overnattingstader har fått avbestillingar etter brannen i Gudvangatunnelen. – I verste fall må me permitere, seier hotellsjef. 

  • Endret

Gudvangen (NTB): E16 blir truleg stengt i fleire veker etter at ein buss tok til å brenne i Gudvangatunnelen tysdag ettermiddag. Reiselivsnæringa i området er bekymra, ifølgje P4. 

– Dete merker me godt. Allereie skulle me hatt 390 passasjerar frå ein cruisebåt. Dette vart avbestilt i går, seier  Ingrid Tønneberg som driv Stalheim Hotel.

Ho fryktar at 1.200 gjestar som etter planen skal sjekke inn søndag, også kjem til å avbestille. 

– I verste fall må me starte å permittere. Det er veldig synd. Me har hatt ein særs god sesong til no, og det er synd at dette no skal øydelegge på grunn av ein tunnel, seier hotellsjefen. 

Lene Hagen, daglig leiar ved Gudvangen Camping, seier til Bergens Tidende at også dei har fått fleire avbestillingar.

– For oss i næringa er dette ei krise. Om det blir stengt i seks veker, betyr det store tap. Me er ganske spente no, seier ho. 

(©NTB)

Til toppen