DÅRLEG: Bjørn Årebru meiner ei brosjyrehylle ikkje er nok når ein skal satsa på turisme. 
DÅRLEG: Bjørn Årebru meiner ei brosjyrehylle ikkje er nok når ein skal satsa på turisme. 

MEININGAR

Reiselivet i Årdal

Les Bjørn Årebru sine tankar om reiselivet i Årdal.

  • Endret

Etter at industri, industri, industri har vore hovudfokus i Årdal skulle ein i 2015 setja fokus på reiseliv. Dette gleda mange som såg kva Årdal med omland hadde å by på.

Underteikna var så heldig fjor å dela kontor med turistinformasjonen og turistvertane Kristin Tråi og Anna Kvamsdal. Det var moro og lærerikt å fylgja med på kva dei kunne om Årdal, nabokommunar, buss og båtruter.

Det som skulle vera ein opptur i reiselivssamanheng i 2015 vart/er diverre ein nedtur.

Turistinformasjonen består av ei broshyrehylle plassert utanfor toaletta på Utla Kafé. 

Turistvert? Eg har ikkje sett nokon.

Dette er altså reiselivssatsinga til Årdal  kommune. Nei, eg skuldar ikkje kommunane, men spør: Er det dette de betalar 150 000 eller er det 300 000 til Visit Sognefjord i Sogndal? 

Kven har ansvaret og kven har bestemt at reiselivssatsinga i Årdal skulle bestå av ei brosjyrehylle utanfor eit toalett på ein kafé? Dette er ikkje å satsa på turistar.

Godt at me har fått Kristoffer Nystedt på Utladalen Camping og Svalheim. Han både vil og får til noko, og i tillegg kan han Årdal. 

Til slutt: Me har òg ein flott plassert camping på Tangen, men den er eigd av ein lærdøl som har stengt den for å unngå konkurranse. Ja, ja, me får leva i voni til neste år.

Bjørn Årebru.

Til toppen