Sogndal: Reiselivskonferansen Fjordane frå bre til hav blir arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Høgskulen på Vestlandet. Dei to dei sentrale problemstillingane er korleis vi kan få til berekraft i praksis og korleis verksemdene kan bli meir synlege i den digitale røyndomen.
Datoane er 1. og 2. november

Innovation Lab Denmark deltek med eit innlegg og digitale trendar i reiselivet, Marius Wang i Oslo Business Forum vil fortelje om digital strategi på 1-2-3, og NordNorsk Reiseliv deler sine oppskrifter for korleis ein lukkast på Instagram.
Andre tema relatert til berekraft på konferansen er naturbasert reiseliv og cruisestrategi for Vestlandet. Det vert både lokale, nasjonale og internasjonale føredragshaldarar, og til pausemat og lunsj vert det lokale smakar ved Smak av Sogn.
Eitt av høgdepunkta vert utdelinga av Reiselivsprisen, som vil skje under middagen på laurdags kvelden. Kriteria her er berekraft, økonomi, samarbeidsvilje, innovasjon, vekstpotensiale og i kor stor grad verksemda leverer opplevingar i naturen.