GÅVE: Slik ynskjer reiselivsbransjen å sjå nordmenn i sommar. Destinasjonselskapa i Sogn og Fjordane får ein halv million kroner i gåve frå Sparebankstiftinga. Pengane går uavkorte til Norgeskampanjen 2020.
GÅVE: Slik ynskjer reiselivsbransjen å sjå nordmenn i sommar. Destinasjonselskapa i Sogn og Fjordane får ein halv million kroner i gåve frå Sparebankstiftinga. Pengane går uavkorte til Norgeskampanjen 2020. (Foto: Adventure Tours Norway)

Reiselivet i Sogn og Fjordane får ein halv million kroner til Norgeskampanjen

Det kjem fram i ei pressemelding frå Sparebank Sogn og Fjordane.

Sogn: Reiselivsbransjen i Sogn og Fjordane mister i år viktige inntekter på grunn av fråværet av utanlandske turistar. No får dei hjelp frå Sparebanken Sogn og Fjordane si eigarstifting, til felles promotering av Norgeskampanjen 2020. Målet er å få fleire nordmenn til å feriere i Sogn og Fjordane.

Dramatisk nedgang

– I løpet av ein vanleg sesong er ca 60-70 prosent av våre tilreisande utanlandske turistar. I år mister vi så godt som alle desse. Då må vi gjere det vi kan for å nå ferierande nordmenn, seier Ståle Brandshaug, som er reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

I lag med Visit Nordfjord, Visit Fjordkysten og Sunnfjord Utvikling skal dei no samarbeide om Norgeskampanjen 2020. Brandshaug har koordingeringsansvaret og forklarer at noko av kampanjen er eit fellesprosjekt mellom destinasjonsselskapa, medan noko er opp til kvar enkelt å styre.

– I fellesprosjektet med dei tre andre skal vi blant anna lage ein film som viser det beste av Sogn og Fjordane , seier Brandshaug.

Fleire store nasjonale samarbeid

– Me i Visit Sognefjord skal samarbeide med både Visit Norway og Fjord Norge, og skal blant anna vere med i ein kampanje som skal gå i VG digitalt. Målet er å gjere Sogn og Fjordane mest mogleg synleg, seier Brandshaug.

Støtte til reiselivet betyr støtte til lokalsamfunna – Reiselivet er spesielt hardt råka av denne krisa, og det kan ta lang tid før ting normaliserer seg. Derfor er det gledeleg at eigarstiftinga vår støttar reiselivsnæringa, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

No får kampanjen ein halv million kroner i gåve. Pengane kjem frå overskotet til banken som blir forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Dette er ei næring som har store innverknader på resten av samfunnet, og veldig mange bransjar blir påverka når reiselivet får seg ein knekk. Derfor er det viktig for banken å vere med å støtte opp under denne bransjen fordi vi ser at vi får så mykje igjen for det, seier Teigene.

Går til kampanjen

Ørjan Skåden er bransjeansvarleg for reiseliv i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han trur krisa vil påverke reisemønstera til turistane i lang tid framover.

– Sesongen 2020 er sterkt påverka, og vi får ingen utanlandske turistar til Norge i år, men dette vil få ringverknader langt fram i tid. Det er vanskeleg å seie korleis det vil bli i 2021, men det vil utan tvil endre reisemønsteret til utanlandske turistar. Mange vil nok vegre seg for å reise, til dømes med cruiseskip, seier Skåden.

– Det blir eit hardt år å kome seg gjennom, men då kjem i alle fall denne gåva veldig godt med. Pengane går uavkorta til kampanjen og kjem andre næringar i lokalsamfunnet til gode også. Det er veldig positivt at banken er med og støttar oss, avsluttar Brandshaug.

Til toppen