STATUSRAPPORT: Terje Laberg i Årdal Utvikling, Ingvild Kvande og Ragna Brenne Bjerkeset frå Tibe Samfunn informerte dei folkevalde om status i arbeidet med strategisk næringsplan. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STATUSRAPPORT: Terje Laberg i Årdal Utvikling, Ingvild Kvande og Ragna Brenne Bjerkeset frå Tibe Samfunn informerte dei folkevalde om status i arbeidet med strategisk næringsplan. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Reiselivet kan samla bygda

Og ved å kople helse og reiseliv saman kan Årdal bli ein unik kommune i landet på dette området, trur rådgivarar.

Årdal: Februar gjekk startskotet for arbeidet med strategisk næringsplan, der Årdal Utvikling saman med innleigde Ragna Brenne Bjerkeset og Ingrid Kvande frå Tibe Samfunn gjekk breitt ut for å hente innspel frå sentrale aktørar i alt frå det frivillige livet til næringslivet.

Der kom det fram at Årdal var ei delt bygd mellom to tettstader. Dette var noko samtlege var samde om at ein måtte få slutt på. Parallellt med dette arbeidet, skal det også jobbast fram ein plan for reiselivet. Og nettopp reiselivet kan spele ei sentral rolle i å samle bygda.

– Det ligg mykje uforløyst energi mellom Øvre Årdal og Årdalstangen som kan byggja samfunnet heilskapleg. Dette kom fram på første idémøtet samstundes som det vart sagt at dette måtte me parkere, seier Bjerkeset.

– Alle peikar på at reiselivet er noko dei trur på. Det er samlande. Ein ser at nabokommunar lykkast og blir freista til å prøve sjølv. Det byggjer stoltheit over kommunen. Dette er det ingen som er delt på, legg Kvande til.

Komplementære tettstader

Å byggja eit samfunn, ta ein tydeleg posisjon i regionen, samt spisse satsinga, skal vera tre nøkkelingrediensar for å lykkast med næringsarbeidet. 

– Me skal ikkje kopiere, men byggja det unike, seier Berkeset. 

– Det handlar om å bevisstgjere det som der av særtrekk og gjera bygdene komplementære. På Årdalstangen er det eit initiativ til å utvikle sjøfronten. Det er eit særtrekk som kan bidra til vekst i heile årdalssamfunnet. I Øvre Årdal startar Utladalen, som må utviklast i den beliggenheita. 

Natur som behandling

Dei siste vekene har dei møtt alt frå næringsavdelinga i fylkeskommunen, kommunepolitikarar, fagforeiningar i Hydro og Norsun og ulike aktørar innanfor helse og resieliv. Det er spesielt dei to siste områda rådgivarane ser eit potensial i. 

– Psykisk helse er ei næring i vekst, diverre, men også ei nærings som Årdal har eit fortrinn på ved at ei verksemd har flytta hovudkontoret hit, meiner Bjerkeset og snakkar sjølvsgat om Melås Helse.

– Me trur at det eine hovudpunktet, slik me ser det no, handlar om å tenkja at me skal bruka naturen som grunnlag i eit nytt næringsperspektiv som handlar om å kopla reiseliv og helse saman. Det er ikkje mange i Noreg som har gjort noko på dette området. Me trur Årdal har sjansen til å vere unike, forklarar ho.

Kvande meiner ein her kan tenkje heilårs ved at ein nyttar naturen til behandling, rekreasjon og terapi. 

– Me har hatt sonderingsmøte med aktuelle aktørar. Nokre er klare til å setja i gong. Me har også lufta det for fylkeskommunen, og dei kom umiddelbart med innspel og var positive. Me vil at dette skal bli noko, seier ho.

Til toppen