FJORDIDYLL LOKKAR: Fjell og fjordar er attraksjon nummer éin for utanlandske turistar som legg ferien til Noreg. Her representert ved utsynet frå Vardahei i Sogndal. Foto: Halvor Farsund Storvik.
FJORDIDYLL LOKKAR: Fjell og fjordar er attraksjon nummer éin for utanlandske turistar som legg ferien til Noreg. Her representert ved utsynet frå Vardahei i Sogndal. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Reiselivet trur på ny knallsommar

Denne sommaren kjem enda fleire norske og utanlandske turistar til å leggje ferien til Noreg, trur reiselivet sjølv.

NPK-NTB: Seks av ti reiselivsfolk trur sommaren i år blir enda betre enn fjorårssesongen. Mykje tyder på at turistnæringa kan sjå fram mot den fjerde knallsommaren på rad.

– Stort meir kan ein ikkje ønskje seg som reiselivsminister, seier Monica Mæland (H).

Svara kjem fram i Turistbarometeret til Innovasjon Noreg, der 133 representantar for utanlandske turoperatørar og norsk reiseliv har svart på kva dei ventar seg av turisttrafikk til og i Noreg denne sesongen. Ikkje mindre enn 61 prosent trur denne sommaren blir mykje betre eller betre enn rekordåret 2016, mens 28 prosent trur han blir nokså lik som i fjor. Berre 11 prosent trur på nedgang.

MEKTIG: Noreg har mykje vakker natur, og det har turistane merka seg. Her Vettisfossen i Årdal.
MEKTIG: Noreg har mykje vakker natur, og det har turistane merka seg. Her Vettisfossen i Årdal.

– Sommaren er spesielt viktig for reiselivsnæringa. Da er det høgsesong både når det gjeld omsetning og overnatting. Eg håper dei positive tala slår ut i lønnsame bedrifter og solide arbeidsplassar, seier næringsminister Monica Mæland.

Utlendingane vil sjå fjordane

Tala frå i fjor viser at heile landet nyt godt av veksten i turisttrafikken, men utlendingane er særleg opptatt av å oppleve fjordar, natur og fjell. Sommaren 2016 var det like mange utanlandske som norske gjestedøgn i fjordfylka, og etter dei tilbakemeldingane Innovasjon Noreg får, tyder alt på at denne trenden held fram i år.

Sjølv om fjord og fjell er den største attraksjonen for utlendingane som kjem, speler òg kulturopplevingar ei stadig viktigare rolle, enten det er å besøkje historiske stader eller smake på lokal mat og drikke.

Optimismen i Turistbarometeret blir elles godt støtta opp av talet på bestilte flybillettar til Noreg i perioden mai til august. Det talet er 15 prosent høgare enn for eitt år sidan, ifølgje tal frå analysekontoret Forwardkeys.

Trendy å feriere i Skandinavia

– Optimismen rår i dei fleste marknadane, og det er særleg gledeleg at viktige volummarknadar som Tyskland og Nederland trur på god vekst, seier reiselivsdirektør Bente Holm i Innovasjon Noreg.

Holm peikar på at Skandinavia er trendy, og at Noreg er eit populært feriemål for folk over store delar av verda. Svak kronekurs og opplevinga av Noreg som eit trygt ferieland påverkar òg veksten.

– Vi har sett ei aukande interesse for Noreg dei siste åra, noko som korrelerer godt med at Noreg er godt synleg internasjonalt. Det viser òg at marknadsarbeidet som næringa har gjort saman med Innovasjon Noreg, fungerer, seier Holm.

Innovasjon Noreg gjennomfører Turistbarometeret to gonger i året, og denne undersøkinga var den 29. i rekka.

Til toppen