MEIR SYNLEG:
MEIR SYNLEG: (Foto: Sara Johannessen/NTB scanpix/NPK)

Reiselivet ventar ny rekordsommar

Ein av tre reiselivsbedrifter forventar at sommarsesongen i år blir betre enn i fjor. Då var det rekordmange hotellovernattingar.

Indre Sogn: Fjoråret vart eit rekordår for norsk reiseliv. Det totale forbruket hos turistane var på cirka 67,4 milliardar kroner, ifølgje Innovasjon Noreg.

Det er ein auke på rundt sju milliardar kroner sidan 2014. Om lag halvparten av auken kjem av auke i volum, og halvparten kjem av auke i forbruk.

Optimisme

NHO Reiselivs ferske økonomibarometer viser at 30 prosent av norske reiselivsbedrifter trur sommarsesongen 2016 blir betre enn sommaren i fjor. 63 prosent svarer at dei trur sommaren i år blir på nivå med rekordsommaren 2015.

– Dette er svært optimistiske tal, særleg med tanke på at vi i fjor opplevde den beste sommaren gjennom tidene med ein rekordvekst i utanlandske overnattingar. Det er stor grunn til å tru at veksten vil halde fram, og at også denne sommaren kan slå nye rekordar, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, i ei pressemelding. (©NPK)

Til toppen