NY SATSING: Solrun Hjelleflat i Flåm AS seier dei startar opp sjokoladeproduksjonen som eit prøveprosjekt. Suksessen vil avgjera vegen vidare.
NY SATSING: Solrun Hjelleflat i Flåm AS seier dei startar opp sjokoladeproduksjonen som eit prøveprosjekt. Suksessen vil avgjera vegen vidare.

Reiselivsgiganten i Flåm har kjøpt Sognefjord Sjokolade

Frå før har dei Flåmsbana og The Fjords i porteføljen. No ønskjer vekstlokomotivet Flåm AS å satsa på sjokolade.

Flåm: – Me jobbar med å laga prototypar og testa korleis dette appellerer i marknaden. Resultatet av dette vil avgjere vidare satsing, seier Solrun Hjelleflat, dagleg leiar i Flåm AS.

Ho kan avsløra at reiselivsselskapet Flåm AS har kjøpt opp fabrikken etter Sognefjord Sjokolade.

Ikkje lenger berre tog og båt

Det nederlandske ekteparet Franka og Paul Fransen starta Sognefjord Sjokolade i Marifjøra i 2015. Dei la ned verksemda i februar i år, grunna usemje med Tørvis-eigar Ola Moe, som eig lokala dei produserte sjokoladen og dreiv kafè.

No er det Flåm AS som skal føra arven til den populære sjokoladeprodusenten vidare. Flåm AS er eit datterselskap av Aurland Ressursutvikling, og driv Flåmsbana saman med NSB og The Fjords saman med Fjord1.

Det er eitt av dei raskast veksande selskapa i fylket. I 2016 hadde dei over 55 tilsette, 1,2 millionar reisande og 135 millionar i omsetning.

Hjelleflat seier at ønsket om å gje eit mjukare tilbod til gjestane i Flåm gjorde dei frista til å slå til.

– Me har tog og båtar og dei store attraksjonane, men dette er noko me mangla inne hos oss. Kanskje me kan bygga opp ein attraksjon til, seier Hjelleflat.

Skal satsa på lokal frukt og bær

Ho seier dei har engasjert ein italienensk sjokolademakar, som har laga prototypar og sett i gang opplæring av tilsette. Ein sentral ambisjon er å kombinera sjokolade med lokale frukt og bær i området.

Det står att litt detaljar før dei kan legga sjokoladen ut for sal, men dei håpar å testa produktet på marknaden allereie i sommar.

– Me gjer eit lite testprosjekt og ser kva som kan bli ut av det. Så langt ser det veldig lovande ut, seier Hjelleflat.

Til toppen