Lærdal: Flåm AS ønskjer å samarbeida med Lærdal kommune om å utvikla Villakssenteret. Tidlegare i mai signerte dei ein intensjonsavtale, der målet er auka besøkstal, aktivitet og lokal bruk.
– For villakssenteret er det svært godt nytt å få inn ein aktør som Flåm AS. Dei kan marknadsføring, dei har ein stor marknad og eit stort nettverk innan reiselivet, seier rådmann Alf Olsen Jr. i Lærdal kommune i ei pressemelding.
- Les òg: Norsk villakssenter får tre nye millionar i statsbudsjettet
- Les òg: – Villakssenteret er ikkje nokon stor attraksjon i dag
Selskap i vekst
Flåm AS er eit datterselskap av Aurland Ressursutvikling, og er eigd av Aurland Kommune, SIVA Eigedom Holding AS og Aurland Sparebank. I fjor var Flåm AS det raskast veksande selskapet i Sogn, nummer seks i fylket. Omsetninga var på 141 millionar kroner.
Villakssenteret inneheld kulturhus, villakssenter, lydstudio, kafé, kunstsenter og fellesareal. Først og fremst ønskjer Flåm AS å ta ansvar for å drifta villakssenteret og kafèen.
Ikkje endeleg
– Villakssenteret i Lærdal er ei lokal satsing som vil kunna bety mykje for regionen og Lærdal kommune. Flåm AS ser fram til å samarbeida med kommunen om å sjå på utvikling av senteret og det potensiale som ligg i reiselivet i Lærdal, seier Nils Asbjørn Lie i Flåm AS i pressemeldinga.
Før selskapet inngår ein endeleg avtale vil dei vurdera marknaden og sjansane for avkasting.