NATURNÆRT: – Det er blitt eit veldig flott bygg som speglar det som er utgangspunktet for norsk reiseliv, nemleg fjord og fjell, seier Connie Reksten ved Norsk reiselivsmuseum. Foto: Norsk reiselivsmuseum.
NATURNÆRT: – Det er blitt eit veldig flott bygg som speglar det som er utgangspunktet for norsk reiseliv, nemleg fjord og fjell, seier Connie Reksten ved Norsk reiselivsmuseum. Foto: Norsk reiselivsmuseum.

Reiselivsmuseet opnar dørene

Med veggar av fjell og mose, og kanskje ein bekk i trappa, kan Norsk reiselivsmuseum i Balestrand endeleg invitere publikum inn i eit nytt, unikt bygg.

Balestrand: Det nye museumsbygget skulle eigentleg vore opna alt i 2014, men problem med vass-skadar har ført til fleire utsetjingar. Fredag er oppstartsproblema eit tilbakelagt kapittel, då er museet klart til overlevering frå Statsbygg.

– Dette er etterlengta, no skal alt vere på plass og vi gler oss veldig til opne. Eg trur folk i området no er glade for å få kome inn å sjå, bygget har stått her ei stund, seier avdelingsleiar Connie Reksten ved Norsk reiselivsmuseum.

Og museet som skal vise korleis Noreg har bygd seg opp som turistmål, kan fort kome til å bli ein attraksjon i seg sjølv. Bygget er teikna av Askim/Lantto Arkitekter og er det einaste bygget i Noreg som er skore ut av grunnfjell.

Artikkelen held fram under biletet.

SPEKTAKULÆRT: Norsk reiselivsmuseum opnar fredag. Det unike nybygget er nominert til Statens byggjeskikkpris.
SPEKTAKULÆRT: Norsk reiselivsmuseum opnar fredag. Det unike nybygget er nominert til Statens byggjeskikkpris.

Museet inneheld også ein monumental lysskulptur som reiser seg åtte meter gjennom to etasjar i museet. Kunstverket er ei stor svart kube med led-lys i fallande rørsler, laga av Børre Sæthre.

Skore inn i landskapet

Hovudideen bak det spektakulære bygget er å bruke fjellet for å gi dei besøkande ei kjensle av det som turismen i Noreg er bygd på – naturopplevingar. Museet er saga inn i ein bergknaus med vinkelslipar. For å få mose til å gro på ytterveggane er betongelementa smurde inn med oppmelne lokale mosesortar, blanda med mellom anna yoghurt og øl.

– Vi som jobbar her merkar at vi er i eit levande museum, vatnet piplar ned langs fjellveggen og vi ser korleis minerala endrar seg, fortel Connie Reksten.

Artikkelen held fram under biletet.

HOGD I STEIN: Norsk reiselivsmuseum er det einaste bygget i Noreg som er skore ut av grunnfjell.
HOGD I STEIN: Norsk reiselivsmuseum er det einaste bygget i Noreg som er skore ut av grunnfjell.

Ho har allereie merka at museet er blitt ein stad der er godt å jobbe. Vassrenner langs veggane skal ta unna det meste av vatnet, men også innandørs får ein merke at årstidene skiftar.

– No når det er vårløysing må vi sjekke om det har kome ein bekk i trappa når vi kjem på jobb, flirer Reksten.

Frå Keiser Wilhelm til ekstremsport

Reiselivsmuseet byr på to faste utstillingar, ei om reiselivet i Noreg og ei om kunstnarkolonien Balestrand. Dei tre neste åra vil publikum i tillegg kunne ta dei mange forseggjorde veganlegga til Nasjonale turistvegar i nærmare augesyn gjennom ei fotoutstilling.

Artikkelen held fram under biletet.

TURISTBYGD: Balestrand ved Sognefjorden har vore og er eit populært turistmål. No blir norsk reiselivshistorie vist fram i det nybygde museet.
TURISTBYGD: Balestrand ved Sognefjorden har vore og er eit populært turistmål. No blir norsk reiselivshistorie vist fram i det nybygde museet.

Den faste reiselivsutstillinga viser utviklinga heilt frå fjordferiane til Keiser Wilhelm på slutten av 1800-talet, via masseturismen og bilturar med campingvogn, fram til dagens interesse for naturopplevingar gjennom ekstremsport.

– Museet speglar det mange i lokalmiljøet og næringslivet har drive med sidan slutten av 1800-talet. Vi tek dei besøkande med på ei reise i korleis turismen har utvikla seg, og eg trur dei fleste vil kjenne seg igjen, seier Connie Reksten.

Til toppen