BRONSEFINALE: Jenter 16 år på ÅTIL 1 tapte bronsefinalen mot Egersunds IK, under siste kamp på Norway Cup. Bilete er av begge lag etter kampen fredag. Foto: Katrine Fredheim
BRONSEFINALE: Jenter 16 år på ÅTIL 1 tapte bronsefinalen mot Egersunds IK, under siste kamp på Norway Cup. Bilete er av begge lag etter kampen fredag. Foto: Katrine Fredheim

Reiser heim med 4. plass

Sigeren glapp for jenter 16 år på Årdalstangen IL 1 under bronsefinalen i A-sluttspelet på Norway Cup. 

Jenter 16 år på ÅTIL 1 møtte jentene på Kolbotn Princess i semifinalen fredag morgon, etter sigeren i kvartfinalen mot Manglerud start torsdag ettermiddag. 

ÅTIL 1 var då det einaste laget, som framleis var med i turneringa, då dei tre andre laga frå ÅTIL måtte seie takk for seg. 

Les også: Kjempar seg vidare mot finalen

Prinsessene vart for tøffe

Kolbotn Princess gjekk tidleg ut og scora på dei tre første skota sine under semifinalen, så ÅTIL 1 hadde ei dårleg start, fortel lagleiar Oddgeir Dvergedal. Til pause stod stillinga 3-1. Men då Kolbotn fekk inn det fjerde målet midt i andre omgang, hadde ikkje årdølene meir å gi. ÅTIL 1 tapte kampen om ein finaleplass i A-sluttspelet, med stillinga 1-5. 

– Me tapte for eit godt lag, seier Dvergedal. 

Spelte om bronse

Jente spelte bronsefinale mot Egersunds IK i A-sluttspelet fredag ettermiddag.

Stemninga var god føre kampen og laget skulle kosa seg i turneringas siste kamp. Men då årdølene møtte eit lag som var litt betre, klarte dei ikkje å dra sigeren og medalje i land. Egersund vann kampen 2-0, og sikra seg bronse. Dermed vart ÅTIL 1 nummer fire i sin klasse i A-sluttspelet. 

Litt skuffa er nok jentene, men alt i alt er dei nok godt nøgd med innsatsen under turneringa, fortel Katrine Fredheim frå Ekebergsletta, medan ÅTIL 1 satt og såg finalen i A-sluttspelet frå sidelinja, der Kolbotn Princess hadde teke leiinga 2-0 over Kirkenes IF. 

Tom for pengar – skulle reist igår

Dvergedal fortel turneringa har gått over all forventning, men etter åtte kampar på fem dagar tek det til å røyne på for spelarane. Etter dei no har fått med seg finalen frå sidelinja, sett laget kursen heimover.

– Me hadde planlagt å reise i går, men så gjekk me vidare til bronsefinale. Laget er no tomme for pengar, så i går måtte me ut for å få sponsa mat og seng, seier han lurt.   

 

 

Til toppen