KJEMPETUR: Medlemma i Årdal Gålag var strålande nøgde med den vellukka turen til Bosnia.
KJEMPETUR: Medlemma i Årdal Gålag var strålande nøgde med den vellukka turen til Bosnia. (Bilde: Årdal Gålag)

Reiserapport: Årdal Gålag i Bosnia

Les om Gålaget sin tur i Bosnia, kor dei fekk oppleva alt i frå krigsminner frå Gamlebyen i Sarajevo, til vinsmaking på ein vingard i 30 varmegrader!

Sendt inn av Gunvor Nordås, leiar i Årdal Gålag. 

Så var Gålagets tur til Bosnia Herzegovina over. Det har vore ein kjempetur, ei veke med opplevingar og sterke inntrykk for dei 34 som var med.

Me hadde to dyktige guidar, Samra og Dino, som formidla historia til Bosnia og Sarajevo, ispedd med personlige historier.

Hotellet var veldig bra, me fekk kjempegod mat på resturantar, fjellhytter og i private familiehus. Folk var blide og hyggjelege overalt.

Les òg: Han vil ha lærdølene ut på sykkeltur i heimkommunen

Krigsminner i Gamlebyen

Fyrste dagen var me på tur i Gamlebyen. Me fekk høyra om beleiringa av Sarajevo frå 1992 til 1995 der 11.541 personar, blant dei 1601 barn, blei drept av snikskyttarar i byen og serbiske tanksar som var plasserte i fjellsidene rundt.

Me stoppa på eit gatehjørne der det var måla raude flekker i asfalten som symboliserte blod. Her vart 27 menneske drepte, og namna deira var innfelte i muren attmed. Me køyrde gjennom snikskyttergata, Snipers Alley, og ut til flyplassen der me var nede i Håpets tunell under flyplassen. Dette var einaste vegen inn og ut av Sarajevo under beleiringa. Flyplassen var under kommando av FN og serbarane skaut ikkje på dei.

Me fekk òg sjå ein film frå bombinga av byen. Me satt att med sterke inntrykk. I dag er mange av bygningane reiste opp att, men merker etter granatar og kulehol var framleis å sjå i husveggane.

Det var mange gravplassar i byen, nokre så store som Farnes.

Me hadde lunsj i ein flott nasjonalpark og tok hestedrosje og trikk heim att. Om kvelden var det flott middag på hotellets takterasse, der me fekk besøk av ei som var ansatt i den norske ambassaden. Ho fortalde om arbeidet dei gjorde og oppdraga dei hadde, og om korleis den kaotiske politiske situasjonen i landet gjorde arbeidet vanskelig.

– Guiden ville ikkje prata om krigen

Måndag hadde me Dino som guide. Han ville ikkje prata om krigen, men i staden om kultur og historie. Han tok oss med til den største moskeen, den gamle ortodokse kyrkja, eit jødemuseum og ei synagoge. Me fekk sjå rådhuset òg. Det tok sju år å byggja det opp att etter bombinga. Det var ein kjempeflott bygning.

Tysdag var me tidleg oppe for å ta toget til Mostar. Her hadde me ein norsktalande guide. Me tok fellesbilete ved Mostar bru, Stari Mostar, som òg vart bomba under krigen. Denne kjente flotte brua frå 1566 vart bygt opp att og gjenåpna i 2004. Brua står i dag på UNESCO si verdsarvliste.

Ved brua låg det ein stein med teksten Never forget - 93. To ungdomar hadde stupt frå brua mot betaling.

Les òg: Sitep-eigarane hyllar nysatsinga: Vil gjere norsk industri sterkare

Vingardar og fjellandsbyar

I det varme vêret, 36 varmegrader, vart det lite vandring. Me besøkte i staden ein vingard for vinsmaking og lunsj. Etterpå køyrde me til ein nasjonalpark der me gjekk ned til eit vatn med eit kjempeflott fossefall. Mange fossar kom ned over klippene frå sju kjelder oppe i fjellsida.

Onsdag var det turdag. Ein flott, men varm tur gjennom Rakinica Canyon med utsikt til høge fjell. Stien gjekk oppover og nedover, gjennom smale gjel og over blomsterenger til ein fjellandsby; Lukomir. Der helsa me på besteforeldra til Samra. Dette var ein spesiell gamal fjellandsby, vel 1500 meter over havet, der det i dag berre budde folk om sommaren. Me åt lunsj i eit privat hus og hadde ein lang og humpete veg tilbake til Sarajevo.

Torsdag køyrde me og opp til ein annan fjellandsby, men då var det skodde, så noko langtur blei det ikkje. Me blei ynskte velkomne inn i ei privat hytte der eigaren fyrte i peisen og me fekk varm te. Etter ein kort tur vart det servert nydelig lunsj i same hytta, før me køyrde attende til Sarajevo. Om kvelden hadde me middag oppe i åsen med flott utsikt over byen. Eit lokalt orkester stilte opp og spelte for oss.

– OL-byen bygd opp att

Fredag skulle me på «olympic tour». Først var det besøk på Olympia stadion som vart øydelagt i 1992. Dino fortalde om kor krye dei var, og kor mykje det betydde for folket at Sarajevo fekk vinterleikane i 1984. Dagane før start var det ingen snø, men 2 dager før åpning kom snøen. Ein halvmeter i Sarajevo og 2 meter i fjella. Alle som kunne gå stilte opp, og gater, vegar, løyper og anlegg vart rydda.

Alle anlegga vart øydelagde eller ramponerte under krigen. OL-byen er no bygd opp att og her er det fulle hotell og løyper om vinteren. Norge tok for øvrig 3 gull, 2 sølv og 4 bronser i dette OL.

Dino hadde vore oppe sidan klokka halv fem for å gå til morgonbønn. Dette var ein tradisjon i familien når Ramadan var slutt, og sidan faren var daud, såg han det som si plikt som einaste son å føra tradisjonen vidare.

– Hotellet ville ha bilete av gålaget

Me åt lunsj på ei privat vandrehytte der ein venn av Dino var sjef og kokk. Nydelig mat! Om kvelden hadde me middag på den roterande restauranten i 15. etasje på Radon Plaza Hotel. Ei kjempeflott avslutning.

Lørdag sjekka me ut klokka 11 og vandra rundt i byen. Nokre gjekk i Gamlebyen og andre på shopping før me var tilbake til hotellet, og venta på bussen som skulle ta oss til flyplassen. 

Fyrst stilte me opp til eit fellesbilete som hotellet ville ha av dei kjekke nordmennene!

Med oss heim har me berre gode minner frå det flotte landet Bosnia, som me aldri vil gløyma!

Til toppen