EKSTREM BILFERIE: Vendel Hausken starta bilturen i Flåm, der ho jobbar på turistferjene om somrane, møtte opp med sambuaren Olav Vik i Gjøvik og stoppa ikkje før dei var i Mongolia 48 dagar seinare.
EKSTREM BILFERIE: Vendel Hausken starta bilturen i Flåm, der ho jobbar på turistferjene om somrane, møtte opp med sambuaren Olav Vik i Gjøvik og stoppa ikkje før dei var i Mongolia 48 dagar seinare.

Reiste frå Flåm til Mongolia i eit gamalt vrak

– Eg vil anbefala turen til kven som helst. Men du bør helst lika å køyra bil.

Flåm: Vendel Hausken bur i Øystese, men har dei siste åtte somrane jobba på turistferjene i Nærøyfjorden. Difor var Flåm eit naturleg utgangspunkt då ho og sambuaren skulle legga ut på tidenes bilferie: å køyra til Mongolia i eit gamalt vrak, ein Ford Fiesta 99-modell.

DUGANDE DONING: Ford Fiestaen greidde den lange turen imponerande bra.
DUGANDE DONING: Ford Fiestaen greidde den lange turen imponerande bra. Bilde: Privat

– Det var ein ganske lang tur, seier Hausken nøkternt.

Og det har ho jo heilt rett i. Paret køyrte 48 dagar i strekk, var innom 20 land og la bak seg 19.000 kilometer. Det er meir enn dei fleste køyrer i løpet av eit heilt år.

– Det lengste strekket var på tretti timar utan søvn, fortel Hausken.

Krav om å køyra «gamal dritbil»

Reisemålet var ikkje heilt vilkårleg. Dei deltok nemleg på Mongol Rally, billøpet der det ikkje er om å gjera å komma først i mål, men å oppleva mest mogleg på turen.

– Eitt av få krav er at du må køyra ein gamal dritbil. Motoren kan maks vera på èin liter, seier Hausken.

«Vraket» dei vart tvinga til å kjøpa viste seg å klara brasane utan å mukka, sjølv då dei prøvde å køyra han ihel siste dagen før heimreisa.

OPPLEVING: Billøpet Mongol Race handlar ikkje om å vinna, men om å oppleva mest mogleg. Her er Vendel Hausken og sambuaren Olav Vik på veg for å utforske iranske grotter.
OPPLEVING: Billøpet Mongol Race handlar ikkje om å vinna, men om å oppleva mest mogleg. Her er Vendel Hausken og sambuaren Olav Vik på veg for å utforske iranske grotter. Bilde: Privat

– Då køyrde me rally på stranda, men han ville berre ikkje gje seg, altså. Hadde me hatt tid til det, så ville me ha køyrt han heim att. Men han er no begravd på ein bilkyrkjegard i Estland, seier Hausken.

Å delta var sambuaren sin idè. Ein kompis av han hadde prøvd eit par år tilbake, men måtte gje opp då han ikkje fekk sleppa inn i Turkmenistan.

– Det høyrtest kjempekjekt ut, så det sa eg at eg ville vera med på, seier Hausken.

Vegstandarden her i landet er gjenstand for ein god porsjon latterleggjering. Men store deler av strekket dette paret fór humpande langsetter dei seks vekene vegrar Hausken seg for å kalla vegar i det heile.

– Det var mange som måtte gje seg på grunn av det, seier ho.

Sjølve kom dei seg til mål utan dei største kasusane. Kanskje på grunn av beskyttelsesplata sambuaren var framsynt nok til å installera under bilen. Meir tvilsomt på grunn av dragehovudet dei hadde sveisa fast på panseret. Men som blikkfang funka det i det minste, saman med ei rekkje andre vikingattributtar.

– Spesielt grensevaktene var veldig glade i å prøva sverda våre, seier Hausken.

Køyrde seg fast utanfor porten til «helvete»

Berre èin gang fekk dei problem, då dei sette seg fast i ørkenen, ved turistattraksjonen The Gates of Hell i Turkmenistan, eit stort krater med naturleg gass som har brunne i førti år.

– Mange lokale tener gode pengar på å køyra turistane opp dit. Eg var litt uroa for at me skulle setta oss fast, men eg har ein eventyrlysten sambuar, så me bestemte oss for å køyra. Det var midnatt og han guffa på gjennom ørkenen, på ein veg som knapt var veg. Me kom oss fram på eit vis, men då eg skulle køyra tilbake køyrte me oss bom fast. Då kom gribbane ganske raskt, fortel Hausken.

Dei lokale forventa nok at folk skulle setta seg fast akkurat der, for dei dukka opp på eit blunk og skulle «hjelpa». Det resulterte berre i at paret sette seg enno meir fast. Heldigvis hadde sambuaren laga ei innretning som var kombinert vikingskjold, campingbord og plate til å ha under dekka.

– Så det enda med at me greidde å få oss fri på eigahand og dei fekk ikkje ei krone frå oss. Ikkje at me ikkje ville støtta dei lokale, men dei her var ganske slue i måten dei gjekk fram på, fortel Hausken.

POPULÆRT: Vikingtematikken og spesielt sverda fekk mykje merksemd på turen. Her er det verkstadmeisteren i Ashgabat som prøver å fekta litt.
POPULÆRT: Vikingtematikken og spesielt sverda fekk mykje merksemd på turen. Her er det verkstadmeisteren i Ashgabat som prøver å fekta litt. Bilde: Privat

– Eg kunne godt tatt turen ein gong til

Bortsett frå den situasjonen har dei stort sett berre møtt gjestfrie folk. Dei har vore på festival i Georgia, opplevd hovudstaden i Turkmenistan i si strengt regulerte prakt, overnatta heime hos imøtekomande iranarar og blitt kjende med masse kjekke trafikkpoliti.

For det skal godt gjerast å unngå eit par fartsbøter eller tre eller fire når du køyrer slike distansar.

FARLEG: Pamir Highway i Afghanistan blir rekna for å vera ein av dei farlegaste vegane i verda, noko paret såg fleire bevis på langs vegkanten. Bilde: Privat
FARLEG: Pamir Highway i Afghanistan blir rekna for å vera ein av dei farlegaste vegane i verda, noko paret såg fleire bevis på langs vegkanten.
Bilde: Privat

– Me enda opp omtrent i pluss på bestikkelsar, me fekk nøtter, vannmelonar og halvanna liter surna kamelmelk frå fleire av konstablane, fortel Hausken.

Til mål komdei og den kanskje største prestasjonen på heile turen er at dei ikkje vart leie av å køyra bil. For det insisterer Hausken på at ho ikkje vart, sjølv etter eitt års køyring komprimert på seks veker.

– Det var så mykje å sjå og me hadde målet i sikte heile vegen. Eg var sliten på slutten, den siste veka, men ikkje lei av å køyra bil, nei. Eg kunne godt tatt turen ein gong til, seier ho.

– Eg vil anbefala turen til kven som helst. Men du bør helst lika å køyra bil.

Til toppen