MÅLLAUS STRAFFE: Brede Stedje Ylvisåker brende straffen i fyrste omgang. Foto: Arkiv
MÅLLAUS STRAFFE: Brede Stedje Ylvisåker brende straffen i fyrste omgang. Foto: Arkiv

Reiste heim med eitt poeng

Trass mange målsjansar i bortekampen mot Volda laurdag, vart det berre eitt poeng med heim att. 

Volda - Årdal FK 0-0

NØGD: Trenar Ivan Øy er nøgd med eitt poeng etter bortekampen mot Volda på laurdag. Arkiv
NØGD: Trenar Ivan Øy er nøgd med eitt poeng etter bortekampen mot Volda på laurdag. Arkiv

– Me spelte bra og hadde eit godt tak på Volda gjennom heile kampen, seier trenar Ivan Øy i bussen på veg heim til Årdal. 

Laurdagens kamp gjekk av stabelen på Volda kunstgras, og var prega av mange målsjansar og og duellar. 

Brende straffen

Gjennom heile fyrste omgang skapte Årdal FK mange potensielle målduellar, men lukkast ikkje med å få ballen i mål. 

– Me fekk eit straffespark i fyrste omgang, men Brede Stedje Ylvisåker var litt uheldig, seier Øy. 

Han fortel vidare at det også var godt keeperarbeid frå Volda, og straffesparket fekk ingen uttelling på resultatet.

Høg intensitet

Med fleire store sjansar i andre omgang og høg intensitet på bana låg mykje til rette for at turen til Volda kunne bli poengrikt.

– Men me tykkjer det er greit med eitt poeng, og me heldt nullen, fortel Øy.

Årdal FK har no to sigrar og tre uavgjort bak seg, og Årdal-trenaren tykkjer dette lovar godt for kampane utover hausten. 

 

Til toppen