PÅ BESØK: Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete (Sp) reiste heim til folk for å få dei til å bruka røysteretten på valdagen, og dei blei godt mottekne. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅ BESØK: Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete (Sp) reiste heim til folk for å få dei til å bruka røysteretten på valdagen, og dei blei godt mottekne. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Reiste heim til folk for å få dei til å røysta

Senterpartiet går nye vegar for å få folk til røysteurnene. 

Årdalstangen: Tysdag kveld gjekk Årdal Senterparti sin ordførarkandidat, Aleksander Øren Heen, og tidlegare partileiar Liv Signe Navarsete frå dør til dør på Årdalstangen for å få folk til å nytta seg av røysteretten.

– Me ser at Årdal har hatt låg valdeltaking tidlegare, og det handlar om å få folk ut til å røsyta. Det er viktig at folk brukar røysteretten. Det er avgjerande viss demokratiet skal fungera, seier Heen.

Porten.no blei med på den første besøka på Tippen på Årdalstangen. Der var samtlege positive til at dei to politikarane nytta kvelden til dette. Tilbakemeldingane var også at dei kom til å støtta Heen i valet.

Les også: Bli kjend med ordførarkandidatane i Årdal

– Held det fram slik, lova det veldig godt, men det er klart at ein må prata med alle sjølv om dei stemmer eit anna parti. Det er viktig å ha ein dialog uansett, og så er det kjekt å møta folk som har andre meiningar òg, for då får ein jo brynt seg litt på det også, seier Heen.

Set pris på innspel

Medan nokre smilte og tok gladeleg imot bodskapen Heen og Navarsete bar, kom andre med tilbakemeldingar og innspel på tilstandane i kommunen.

– Folk er opne og har gode innspel, og det er nyttig å møta innbyggarane på denne måten, legg ordførarkandidaten til.

Artikkelen held fram under biletet.

INNSPEL: Aleksander Øren Heen meiner det er viktig at folk nyttar seg av røysteretten og synest det er nyttig å få innspel frå folk.
INNSPEL: Aleksander Øren Heen meiner det er viktig at folk nyttar seg av røysteretten og synest det er nyttig å få innspel frå folk.

Og når ein skal gjera noko som ikkje er blitt gjort altfor ofte i samband med val i Årdal, kan det vera nyttig å ha med seg ein ansikt som er kjend for dei fleste.

– For meg er det viktig å vera med og støtta opp om Aleksander, både som førstekandidat her lokalt, men òg som tredjekandidat på fylkeslista. Eg håpar me skal gjera eit godt val både her i Årdal og i fylket, seier Navarsete og legg til kor viktig det er å ha lokale personar på fylket som kan snakka dette området si sak.

Ei stor framtid

Navarsete sat også i salen då Heen gjorde det skarpt i den lokalpolitiske debatten i Årdal.

Les også: Dette seier partia i Årdal om eigen politikk

– Det er alltid ein fordel å ha med ho. Det er kjekt at ho vil bruka så mykje tid i Årdal. Det vitnar om at me har gode dialogar med våre stortingsrepresentantar og vårt sentralledd, og eg trur ikkje folk skal frykta at me mistar vegen til Oslo sjølv om me kjem til makta i Årdal, seier Heen, som får ros frå Navarsete.

– Han gjer ein veldig god valkamp. Aleksander er ein dyktig politikar. Er det noko eg er oppteken av, så er det å få fram dei nye og unge talenta. Aleksander har definitivt ei stor framtid i Senterpartiet viss han vil det sjølv, meiner ho.

Bli kjend med Aleksander Øren Heen, Senterpartiet

Til toppen