SENSASJONELT: Førre veke fann Jan Adriansen frå Statens vegvesen to steinhammarar på Vindhella i Lærdal. Foto: Jan Adriansen. 
SENSASJONELT: Førre veke fann Jan Adriansen frå Statens vegvesen to steinhammarar på Vindhella i Lærdal. Foto: Jan Adriansen. 

Reiste på skattejakt og fant gullet

Slik beskriver prosjektleiar Jan Adriansen funnet av dei to steinhammarar som truleg har blitt brukt til å utforma Kongevegen for minst 200 år sidan.  

Lærdal: Medan opprustinga av Kongevegen over Filefjell har føregått, har Adriansen leita etter denne type skattar, utan hell. Dei vil sei, fram til torsdag førre veke då han kom over lita hole på innsida av ei anna hole. 

Det var NRK Sogn og Fjordane som fyrst omtala det sensasjonelle funnet. 

Les også: Sherpaane kom ekstra tidleg i år

– Utruleg at det ikkje har blitt oppdaga

Kvar veke har Adriansen teke turen frå Bergen for å følgja med på framgangen av restaureringa av Kongevegen og innimellom leita etter skjulte skattar langs vegen. 

– Spørsmålet er kvifor ingen har funne desse verktøya før. Det er heilt utruleg. Folk kan ha vore innom hola utan å forstå kva dette kan vere, seier Adriansen til Porten.no. 

Då vegeksperten tok turen inn i hola langs Vindhellavegen ved dei store kampsteinane, skjønte han straks kva han hadde funne. 

– Det var to steinhammarar eller slegger som vart brukt då vegen vart utforma. Den einaste grunnen til at nokon skulle ha lagt igjen desse verktøya, er under utforminga av sjølve Vindhella. Ingen hadde drege med seg desse verktøya om dei ikkje skulle brukast, forklarar han. 

FUNN: No ligg dei to steinhammarane i Bergen.
FUNN: No ligg dei to steinhammarane i Bergen.

200 år gamle

Kongevegen i Lærdal vart bygd tidleg i 1790-åra. 30 år seinare vart det gjennomført ei stor omarbeiding på vegen. Siste gong det vart gjort noko på vegen var i 1840. 

– Ein av dei gongene har desse verktøya blitt lagt igjen. Det vert brukt same type verktøy i dag, berre at dei har forandra seg i formen. Verktøya i seg sjølv er ikkje så spesielle, ein finn dei på gamle gardar overalt. Men detaljane er litt ulike, seier Adriansen. 

Det som gjer akkurat desse steinhammarane spesielle er at dei vart brukt til å byggja ei av dei største veghistoriske monumenta i Noregshistoria. 

– Det var ein gong ein norsk konge som vart drepen av ei kula som i ettertid fekk enorm verdi. Ikkje fordi kula var så mykje verdt, men fordi historia er så spesiell. Det er nett det same med desse verktøya, forklarar Adriansen. 

Tidlegare har det ikkje blitt funne noko liknande langs Kongevegen. 

– Me har funne nokre spikarar, men dette her er ekstra spesielt, utbryt Adriansen. 

Skal på utstilling

Dei to steinhammarane skal anten gå til Norsk Vegmuseum eller på ein utstilling om Kongevegen i Lærdal på Borlaug bygdetun. 

– Eg håpar på at det blir ein utstilling til sommaren. Då skal me bruka ei gammal vogn som før stod ved Stavkyrkja i Lærdal. Her skal me henga opp fotografi og kart over vegen, seier Adriansen. 

Steinhammarane er svært verdifulle og det er opp til Norsk Vegmuseum kva som skal skje med dei. 

– Dei vart like begeistra som meg når dei høyrde om funnet. Eg driver sjølv å leitar etter slike ting heile tida. Ein finne nesten aldri noko, men om ein ikkje leitar, så finn ein vertfall ingenting. Det var ein fagleg skattejakt og denne gongen fann me gullet, forklarar Adriansen. 

Hammarane har ikkje store pengeverdien, men den historiske verdien er svært høg. Området som verktøya var funnen på er ikkje sperra av, men Adriansen påpeikar at det er eit kulturminne og at det er fagfolk som må undersøkja eventuelle funn langs vegen. 

– Ein må veta kva ein leitar etter. I tillegg er det mykje tilleggsinformasjon ved eit eventuelt funn, avsluttar han. 

 

Til toppen