DROG TIL BUDAPEST: Ein gjeng på ni årdøler reiste heile vegen til Budapest for å springa maraton. Foto: Privat.
DROG TIL BUDAPEST: Ein gjeng på ni årdøler reiste heile vegen til Budapest for å springa maraton. Foto: Privat.

Reiste til utlandet for å springa maraton

Ni karar frå Årdal bestemte seg for å prøva noko nytt og reiste rett og slett til Budapest for å springa maraton. Sju av desse debuterte som maraton-løparar. 

Årdal: – Det er faktisk eit år sidan me bestemte oss for å gjera dette, mest for moro. Ingen av oss har vore med på løp i utlandet før, fortel Bjørn Fretland til Porten.no.

Han reiste saman med Geir Einan, Terje Øren, Jan Helge Sørebø, Roger Moen, Bjørn Hopperstad, Egil Rune Skjolden, Arnt Moen og Jan Einan. Alle desse stilte opp i marton i si aldersklasse.

Har sprunge 63 maraton

Av desse er det kun Bjørn Fretland som har sprunge maraton tidlegare. Han har gjort dette heile 63 gonger sidan 2007. 

I går sprang han på tida 3.11.33, noko som er fem minuttar betre enn då han var med på Oslo Maraton i sommar. 

Artikkelen held fram under biletet.

DETTE VIL ME GJERA OPP ATT: Bjørn Fretland (nedst), Geir Einan, Terje Øren, Jan Helge Sørebø, Roger Moen, Terje Øren, Bjørn Hopperstad, Egil Rune Skjolden og Arnt Moen har det så moro i Budapest, at dei vil finna på noko liknande neste år.
DETTE VIL ME GJERA OPP ATT: Bjørn Fretland (nedst), Geir Einan, Terje Øren, Jan Helge Sørebø, Roger Moen, Terje Øren, Bjørn Hopperstad, Egil Rune Skjolden og Arnt Moen har det så moro i Budapest, at dei vil finna på noko liknande neste år.

Det var no tredje gongen Geir Einan stilte til start med slik løpslengde. Søndag sprang han på tida 3.39.21, også ein del minuttar betre sidan løpet hans i Oslo.

Terje Øren gjorde det svært så bra i sin første manndomsprøve på tida 3.50,26.

MIDT I BYEN: Den 42. kilometer lange løypa fann stad midt i byen.
MIDT I BYEN: Den 42. kilometer lange løypa fann stad midt i byen.

7 av dei aldri sprunge maraton

20.000 løparar var påmelde i dette populære arrangementet. 5.000 av desse stilte til start på distansen maraton. 

Ingen av dei andre årdølene som var med på Budapest Marathon i helga har sprunge maratonløp tidlegare.

52 nordmenn var med på løpet i helga, og Bjørn Fretland var den sjette beste av desse. Alle dei andre årdølene kom blant dei 20 beste.

– Me er strålande nøgde heile gjengen både med løp, arrangement og ikkje minst byen Budapest. Her er utruleg mykje flott å sjå, me storkosar oss. Til saman er me her i fem dagar, reine miniferien dette!, seier ein oppglødd Fretland. 

Vil gjera noko liknande kvart år

Han seier at gjengen er så gira og oppglødde, at dei allereie no har bestemt seg for å gjera noko liknande kvart einaste år framover. 

– Det er ikkje så viktig med løpstida ein får, det viktigaste er å vera med. Dette er skikkeleg sosialt og moro, så folk må gjerne ta kontakt om dei har lyst, seier Fretland.

Til toppen