Reiste utanlands for å mekka revy

Sjå biletserie frå revyen Sutalaust her. 

Lærdal: Fredag samla Lærdalskompaniet fullt hus då dei hadde premiere på påskerevyen «Sutalaust». 

– Det var 530 menneske som såg revyen i helga, noko som er heilt fantastisk, seier Steinar Kvigne.

Tilsaman hadde Lærdalskompaniet fire framsyningar i helga. 

Les også: Sutalause tilstandar i Lærdal

Internasjonale fjes

Nytt år i år var at lærdølene fekk hjelp frå det store utland om kvar dei nye kommunegrensene burde teiknast.

Dei fekk blant anna besøk av den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un og den amerikanske presidentkandidaten Donald Trump. Sistnemnde uttala seg blant anna om asylpolitikken i bygda.   

– Mange seier at dei var godt nøgde med showet og at dei har ledd mykje. Eg syns me fekk til eit bra internasjonalt miljø denne gongen, seier Kvigne. 

I kjent stil hadde også paven eitt og anna å sei om Lærdalspolitikken. Denne gongen vart det blant anna kommunereforma han ikkje var så altfor nøgd med. 

Til Litauen for å møte svigers

I år fekk ikkje berre lærdølene besøk av internasjonale storheitar, dei vart også teke med til Vilnius då den kjende karakteren Jo, kona og mora skulle besøka svigerfar. 

– Det er fyrste gong vi dreg utanlands for å laga innhald til revyen, seier Kvigne. 

Her fekk publikum følgje karane frå dei sette seg i bilen til Lærdal, til Gardermoen og på flyet ned til Litauen. 

Heile reisa var filma med videokamera, som seinare vart synt på storskjerm i kulturhuset. 

– Årdølene har mykje å gleda seg til

Kommunereforma var ei heit potet under revyen og fleire av ordførarane i Sogn fekk skråblikket retta mot seg. 

Jan Geir Solheim var passe nervøs før den fyrste framsyninga skulle byrja, men sa at han hadde blitt endå meir overraska om dei ikkje hadde retta søkjelyset mot han. 

– Det var veldig artig og eg koste meg mykje, sa ordføraren i Lærdal etter framsyninga. 

Men det var ikkje berre Solheim Lærdalskompaniet imiterte, også naboane i Aurland, Årdal og Sogndal var å sjå på scena i kulturhuset. 

Etter påske har også årdølene sjansen til å få med seg dei seks karane frå Lærdalskomapaniet, då dei tek turen over fjellet og set opp revy på kulturhuset i Øvre Årdal. 

Dei som møter opp, vil kanskje få med seg eit råd eller to om kva det omdiskuterte Doria-bygget kan nyttast til i framtida. 

Steinar Kvigne, Ragnar Sanden, Magne Grøttebø og Kristen Olav Grøttebø hadde med seg musikarane Tom Karlsrud og Gudmund Bolstad Skjær under årets revy. 

Til toppen