INGEN REKORDSESONG: Årets moreller er komne lengre enn dette, men i motsetnad til i fjor – då det var varmt store deler av juni – vart årets juni av det kalde slaget. Det gjorde at ein del kart fall av trea. Difor ligg det ikkje an til nokon rekordsesong i 2017.
INGEN REKORDSESONG: Årets moreller er komne lengre enn dette, men i motsetnad til i fjor – då det var varmt store deler av juni – vart årets juni av det kalde slaget. Det gjorde at ein del kart fall av trea. Difor ligg det ikkje an til nokon rekordsesong i 2017. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Reknar med at dei første morellene er klare 24. juli

– No legg eg hovudet på hoggestabben her, men det får bli som det blir, seier Harald Blaaflat Mundal, daleg leiar i Lærdal Grønt.

Lærdal: Blaaflat Mundal har fått så mykje spørsmål om når lærdalsmorellene kjem på marknaden at han har sett datoen 24. juli.

– Er dette berre kvalifisert tipping?

– Nei, me har prøvd å rekna oss fram til plukkestart ved hjelp av ulike modellar. Det går på kor mange daggrader morellene treng før dei er klare, indikasjonar me får gjennom andre produksjona, som til dømes kor seint potetene er ute, og produsentane kjem med innspel. Me har ein del erfaringsdata å spela på etter kvart.

Dette er ikkje noko Lærdal Grønt berre gjer for moro skuld.

Dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal
Dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Det er ganske viktig, faktisk. Så me legg ein del i det.  Dei me leverer til treng å få ein peikepinn på når morellene kjem, og det har med marknadsføringa å gjera. Eg legg rett nok hovudet mitt på hoggestabben ved å gå ut med ein dato, men det får bli som det blir.

– Ingen rekordsesong

Det kalde vêret i juni har gjort at ein større del av morellekarta enn normalt har falle av trea. Dessutan vart det for mykje morellekart på ein del tre av morellesorten Lapins som førde til at mykje kart av denne sorten fall av, men for dei andre sortane ser det bra ut.

– Frost i mai er det aller mest kritiske, og det fekk me ikkje. Men så vart det kjøleg etter blomstring så mykje fall av, og då blir det nok ikkje nokon rekordsesong. Men noko katastrofe er det ikkje, så me ventar ein grei sesong, seier Blaaflat Mundal. 

Sysselset lokale ungdommar

Denne veka starta også jordbærsesongen, som Porten,no har meldt tidlegare.

Torsdag vart dei første lærdalsjordbæra sende ut på den store marknaden. Meny Vest i Bergen får alle jordbæra frå Lærdal, med unntak av det som blir seld lokalt.

– Så har me no nitten lærdalsungdommar som vil jobba for oss med å lok på korgene. Me har hatt to no dei siste dagane til å gjera denne jobben, så det er veldig kjekt å kunne gi lokal ungdom sommarjobb. Eit problem er at kjedene ikkje alltid vil ha lok utover i sesongen, for å gjera bæra billegast mogleg, og då veit me ikkje kor mykje jobb me har. Så det går på ei tilkallingsordning, forklarar Blaaflat Mundal.

Ligg an til mykje bringebær

Elles kan han melda om at det går jamt og trutt med kål og poteter frå Lærdal om dagen, og at det ser ut til å bli ein god men relativt sein bringebærsesong.

– Bringebæra og morellene følgjer kvarandre ganske jamt, og det blir nok ikkje store volum på nokre av desse før i månadsskiftet juli/august. Så me er litt seine. Men salet på produkta våre så langt har vore bra og me er ved godt mot.

Til toppen