GÅR FRAMOVER: Gjennomslag for den nye Ljotelitunnelen skal etter planen skje før sommaren.
GÅR FRAMOVER: Gjennomslag for den nye Ljotelitunnelen skal etter planen skje før sommaren. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Reknar med gjennomslag for tunnelen før sommarferien

Men før arbeidet kjem so langt, må bilistane på ny bu seg på langstenging.

Årdal: Vegen mellom Øvre Årdal og Holsbru vert stengt frå 9. til 30. mars. Årsaka er at det nedste startpunktet til den nye Ljotelitunnelen skal sprengast ut.

Fv. 53 Ljotelitunnelen

  • Den nye Ljotelitunnelen vert 1100 meter lang.
  • I tillegg skal det byggast byggast om lag 1200 meter veg i dagen. 600 m veg skal byggjast på Holsbru og resten inn mot kvar ende av den nye tunnelen.
  • Det er Flage Maskin AS som har fått oppdraget med å bygge ny tunnel og veg i Ljoteli.

– Det er ikkje mogleg å ha trafikk gjennom området medan dette arbeidet pågår, opplyser prosjektleiar Jørn Fosen Simonsen i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding onsdag. 

Sjølv om stenginga vil føra til lange omkøyringar for dei som skal austover frå Årdal, er det heldigvis lys i enden av tunnelen.

For arbeidet med den nye tunnelen går framover.

– Me har til no drive vel 200 meter inn frå øvre påhogg. Me reknar med gjennomslag i tunnelen innan sommarferien, seier Simonsen.

Til toppen