INNFØRING: Lokalpolitikarane i Lærdal tileigna seg kunnskap om kraftbransjen under Kraftdagen i Lærdal onsdag, her under synfaring på Stuvane kraftverk. Kommunen har overteke dette kraftverket, og prognosar om låge straumprisar i mange år framover fører såleis til mindre pengar i kassa også for kommunen sitt vedkomande. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Reknar med låge straumprisar i mange år

..men om ein ti års tid syner prognosane at prisane vil stiga att - det gir von for kraftselskapa.

Lærdal: – Her ser me at straumprisane er venta å halda seg låge fram mot 2020 og kanskje 2025, men at det ser betre ut fram mot 2030, sa direktør i E-CO energi, Odd Øygarden under Kraftdagen i Lærdal onsdag.

Med andre ord; gode nyhende for straumkundar fem-ti år fram i tid, tilsvarande dårlege for kraftbransjen. Og omvendt på lengre sikt.

Ville ha kosta 467 millionar

Øygarden og hans E-CO har i 25 år sysla med planar om å byggja Mork kraftverk i Erdal.

– Det starta med at resepsjonisten på kontoret i Oslo ringde opp til meg og sa det stod ein mann der som lurde på om me var interesserte i fallrettar. "Send han inn", sa eg.

Artikkelen held fram under biletet

PROGNOSAR: Direktør i E-CO Energi, Odd Øygarden, heldt føredrag om historikken for deira kraftverkplanar i Erdal. Etter stupet i straumprisar frå 2011 av har E-CO måtte gå for eit vesentleg meir nøkternt Mork kraftverk. På lang sikt seier også prognosane at straumprisane vil auka grunna skjerpa miljøkrav, fortalde Øygarden.

Det var den gryande starten. Etter kvart byrja prosjektet å ta form; dei teikna opp eit avansert anlegg som skulle produsera 95 gigawattimar i året. Men så var det desse pengane.

– Området ligg vanskeleg tilgjengeleg, så me måtte laga ein eigen tunnel for å koma til damstaden. Det byrja å bli pengar allereie der. Så me lurde på kva dette ville kosta totalt.

Svaret var 467 millionar. 

– Då byrja me å bli betenkte.

"All time high"

Men kraftprisane var særs gode; 60 øre kilowattimen. Så E-CO søkte om konsesjon. Og fekk det.

– Prisane var "all time high", sa Øygarden til forsamlinga i Lærdal kulturhus.

Men det som går opp, kjem som regel ned. Dei påfølgjande åra har prisane stupt. Då fall også dei opphavelege planane for Mork kraftverk.

Les også: Opna lite kontroversielt kraftverk

Les også: Kraftsalve mot Statnett på kraftdagen

Prosjektet er likevel ikkje skrinlagd. Ein ny runde med teikneblokka resulterte i eit vesentleg meir nøkternt anlegg til under halve prisen og under halve produksjonen.

– Dette som ligg inne no vil kosta drygt to hundre millionar kroner og produsera 44 gigawattimar i året, straum til 2000 husstandar. Så det blir vesentleg mindre straum av det, men lågare kostnad per produserte straummengd. Me er på 4,67 kroner per kilowattime. Det er også i grenseland.

– Aukande CO2-avgifter vil gje høgare straumprisar på sikt

Men konsesjonssøknad for det mindre anlegget ligg inne og NVE si innstilling er venta i løpet av nokre veker. Vidare at endeleg konsesjon eventuelt er på plass i løpet av 2017.  Går den i orden, er byggestart for anlegget planlagd innan utgangen av 2020.

Vona om høgare straumprisar på sikt gjer at ein håpar eit slikt anlegg etter kvart blir lønsamt.

– Korleis kan ein meina prisane vil stiga om ein ti års tid?

– Det handlar berre om politikk. Analytikarane meiner kolprisane vil auka ein del grunna miljøkrav, det vil seia høgare CO2-avgifter. Etter kvart vil dette slå inn i heile marknaden og gje høgare straumprisar generelt.

– Kor stort sannsyn trur du det er for at de får konsesjon for Mork kraftverk?

– Tja. Seksti prosent. Kanskje seksti til sytti.

Til toppen