Fylkesleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes.
Fylkesleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes. (Foto: Senterpartiet Sogn og Fjordane)

MEININGAR

– Rekninga for nytt linjenett blir delvis skjøve over på innbyggjarane i fylket vårt

Senterpartiet i Sogn og Fjordane tek opp kampen for lik nettleige i heile landet i dette meiningsinnlegget.

Ope brev til regjeringa Regjeringa v/statsminister Erna Solberg og Senterpartiets stortingsgruppe.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane forventar at Regjeringa legg fram ei sak for Stortinget om utjamning av nettleige innan sommaren 2019. Vi meiner at alle innbyggjarane i landet skal ha ei nettleige som ligg på same nivå enten ein bur i by eller bygd.

Sogn of Fjordane får rekninga for fornybar energi-satsing 

Det er politisk vedteke at vi her i landet skal bygge ut meir fornybar energi. I Sogn og Fjordane har vi mykje tilgjengelege ressursar, både i form av vatn og vind. Vi har i dag ikkje bruk for denne krafta sjølv, men sel den og transporterer den til andre deler av landet.

For å kunne transportere straum må det byggjast nye linjenett til ny fornybar kraftproduksjon. Rekninga for dette blir delvis skjøve over på innbyggjarane i fylket vårt. Dette gjer at vi her i fylket betalar langt meir enn det som rimeleg er i nettleige.

Regjeringa har med i sin plattform at dei skal greie ut og kome med tiltak for å jamne ut nettleiga i landet. Senterpartiet i Sogn og Fjordane forventar at regjeringa fylgjer opp dette med meir enn fine formuleringar, og snarleg kjem med tiltak for å jamne ut nettleiga.

Det er fullt mogeleg å jamne ut nettleiga på ein enkel og ubyråkratisk måte og det har blitt spelt inn fleire modellar til regjeringa på dette. Vi veit at 2-3 øre pr kwt vil vere nok til å få jamna ut nettleiga i heile landet.

– Ufortente forskjellar

Kundane fortener ikkje dei store forskjellane i nettleige, og for næringslivet er ei ulik nettleige konkurransevridande. For enkelte næringsverksemder kan dette utgjere fleire hundre tusen kroner per år.

Fornybarsatsinga, og verdiskapinga den gir, er viktig for heile landet. Skal vi lukkast med å omstille oss til fornybarsamfunnet må det byggast ut enno meir fornybar energi i åra framover. Det vert feil når det er dei som får miljøbelastninga med store utbyggingar innpå seg også skal vere dei som betalar rekninga for å få krafta nett.

Einaste moglegheita til nasjonalt utjamna nettleige er vedtak i Stortinget og regjeringa må no følgje opp sine eigne formuleringar.

Til toppen