LØNSAM GESKJEFT: Fjord1 dobla nesten resultatet frå 2015 til 2016. Foto: Fjord1
LØNSAM GESKJEFT: Fjord1 dobla nesten resultatet frå 2015 til 2016. Foto: Fjord1 (Foto: Pressefoto)

Rekordår for Fjord1

Mens Sogn og Fjordane fylke i fjor selde seg ut av Fjord1, vart 2016 eit rekordår for ferjeselskapet.

(NPK): Selskapet fekk eit resultat på 504 millionar kroner før skatt, noko som er nær ei dobling frå 2015, ifølgje lokalavisa Firda.

Omsetninga auka med rundt 100 millionar til 2,3 milliardar kroner, og driftsresultatet enda på 525 millionar kroner.

– Dette er svært gledeleg og fortel at dei tilsette har gjort ein strålande jobb. Det er svært viktig at selskapet styrkjer resultatet når vi no står framfor store investeringar, seier Fjord1-direktør Dagfinn Neteland til avisa.

Les også: Fylkeskommunen sel Fjord1 til Havila

Fjord1 skal investere mellom to og tre milliardar kroner i ny teknologi og nye ferjer dei kommande åra.

Fylkeskommunen overdrog i august ein stor del av aksjane sine i Fjord1 til medeigar Havilafjord, som dermed auka sin eigardel til 67 prosent. Havilafjord har dessutan opsjon på å kjøpe resten av aksjane til fylkeskommunen, 33 prosent, frå 1. januar 2017. 

Fylkeskommunen har ønskt å selje seg ut av selskapet for å få pengar til å sanere gjeld.

Til toppen