Gaupne: Fjoråret vart ein stor opptur for Avery Dennison NTP i Gaupne. Omsetninga var på 184,6 millionar kroner, medan overskotet frå drifta var på 34,3 millionar. Begge deler er rekord (sjå tabell).
– Dette er det fjerde året på rad at me tek nye rekordar på både topp- og botnlinje, skriv selskapet i ei pressemelding.

Invisterer tilbake i selskapet
Selskapet opplyser at dei veks både på heime- og bortebane, noko den daglege leiaren tykkjer er fantastisk.

– Med tanke på logistikk er det ein bakdel å ha Gaupne som base. Når me likevel skapar gode resultat, i eitt av verdas dyraste land å produsera i, så er det fordi me har ei svært engasjert og kunnskapsrik gruppe med tilsette. Laget me har sett saman er heilt i verdstoppen innan vår bransje, seier dagleg leiar Tom Dyrdal i pressemeldinga.
Overskotet for 2018 gjekk til innkjøp av ny maskinpark og til å støtta avdelinga for innovasjon. I 2019 vil selskapet investera rundt ti millionar i ny produksjonsteknologi, og bruka omtrent det same på forsking og utvikling.
– Med lønnsam drift og godt overskot, har me gjeve oss sjølv retten til å investera for framtida. No har me ein meir moderne produksjon i Gaupne, og me kan flytta fokuset på utvikling av tilsette og teknologi, seier Dyrdal.