Rekordgode tal for Jordeplerock

Rekordgode tal for Jordeplerock

Arrangørane bak Jordeplerock er strålande nøgde etter den tredje Jordeplerocken i rekka, allereie fyste kvelden vart publikumsrekorden frå dei tidlegare åra slått.

Fungerande festivalsjef Torgeir Skjerdal fortel til Porten.no at han er meir enn nøgd med helgas arrangement, og at dei unge arrangørane hadde venta ei lita publikumsauke frå dei omlag 900 som var innom i fjor.

At publikumsrekorden skulle verte slått allereie fyste kvelden, vart derimot ei gledeleg overrasking.

– Heilt frå starten har målet vårt vore å få over 1000 besøkjande. Under Helbillies på fredag var det over 1200 inne på området. Foreininga Jordeplerock er overvelda, og eg kan ikkje bruke andre ord enn fantastisk.

Under helgas Jordeplerock var det Helbillies som var det store trekkplasteret, men festivalen vart også fronta av andre kjende artistar som lærdølen Eirik Sognnes, sogndølen Ola Weel Skram, og ikkje minst Robin & Bugge. Med seg hadde Robin og ei overrasking til publikum, nemleg nykommaren Morgan Sulele.

Hardt arbeid
Bak det vellukka arrangementet Jordeplerock står det ei gruppa beståande av åtte 20-åringar og Gunn Beate Sjøthun. Det ungdommane får til er svært imponerande, men Skjerdal innrømmer at det krev mykje tid og hardt arbeid.

–  Det er klart at ingen arrangement vert arrangert utan problem, men i åt har verkeleg alt gått som det skal. Flott musikk, strålande vær og nøgde publikumarar. Me sit verkeleg att med ei mestringskjensle utan like når me ser kva me har klart å stelle i stand, det et stort.

Artikkelen held fram under biletet

LAGA LIV: Robin & Bugge skapte meir enn god stemning, og publikum sang med.
LAGA LIV: Robin & Bugge skapte meir enn god stemning, og publikum sang med.

Når porten.no spør korleis dei unge lærdølene har klart å få tak i alle dei gode artistane til festivalen sin, gjev Skjerdal alle medlemmane av foreininga Jordeplerock heider og ære. Han fortel at godt samarbeid og god innsats frå alle har vore avgjerdande.  Med eit lurt smil om munnen gjev Skjerdal ekstra heider og ære til artistansvarleg Anna Gjesdal.

– Gjesdal har truleg sjarmert både ein og to artistar i senk for å få dei hit til den vesle bygda vår. Ho har utan tvil gjort ein heilt fantastisk jobb!

Satsar lokalt
Heilt frå byrjinga har dei unge arrangørane vore opptekne av å nytte lokale ressursar, og i år samarbeida dei nært med mellom anna Lærdal Grønt og Lærdal Energi.

Lærdal Grønt stilte mellom anna opp med jordepler, som ungdommane i foreininga Jordeplerock sjølv plukka, skrelte, delte opp og pakka inn. Alt for å kunne gje dei besøkjande ei verkeleg ekte oppleving av Lærdal og Jordeplerock.

 Også artistmessig var det fokus på det lokale, då lærdølen Eirik Sognnes fekk æra av å opne Jordeplerock fredag kveld. Sognnes skapte god, sommarleg stemning, og festen var allereie godt i gang då Helbillies gjekk på scena nokre timar seinare.

Både foreininga Jordeplerock og festglade publikumarar konkluderte med at Jordeplerock 2015 var eit svært vellukka arrangement. Foreininga Jordeplerock ynskjer å takke alle som har gjeve ei hjelpande hand og alle frivillige som har vore med. No er det berre til å vente i spaning på kva dei dyktige arrangørane får til neste år.

Til toppen