REKORDLÅGT: Sogn og Fjordane hadde rekordlåge tapstal for lam på utmarksbeite i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
REKORDLÅGT: Sogn og Fjordane hadde rekordlåge tapstal for lam på utmarksbeite i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Rekordlåge beitetap for Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane hadde rekordlåge tapstal for lam på utmarksbeite i 2015.

Årdal/Lærdal: Tapstala for lam på utmarksbeite gjekk ned frå 6,3 prosent i 2014 til 4,5 prosent i 2015, fortel Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane. Gjennomsnittleg lammetap i landet var på 6,6 prosent.

Dei lågaste beitetapa for fylket var i Indre Sogn, i tillegg til kommunane Naustdal i Sunnfjord og Gloppen og Stryn i Nordfjord. Kystkommunane Selje og Vågsøy i Nordfjord hadde dei høgaste tapstala med 8 – 12 prosent tap.

Fleire fortel likevel om eit aukande problem med jerv og ørn i Sogn og Fjordane.

WWF vil ha sauene tidlegare heim

WWF-Norge ber om at beitenæringa startar sauesankinga tidlegare for å redusere tap til jerv. Slik kan ein òg unngå hiuttak av jerv, meiner organisasjonen.

Dersom ein hentar sauene frå beite 10– 14 dagar tidlegare enn vanleg, kan ein unngå opp imot halvparten av sauetapet til jerv, skriv WWF-Norge på eigen nettstad.

– På denne måten kan sauetapa til jerv reduserast kraftig utan bruk av hiuttak. Jerv er det rovdyret som står for dei fleste tapa av sau til rovdyr, og det har vore den viktigaste grunngjevinga frå styresmaktene for å gjennomføre hiuttaka, seier rovdyrekspert i organisasjonen Sverre Lundemo, som meiner hiuttak «burde tilhøyre fortida».

WWF-Norge viser til data som seier at litt under halvparten av sauetapa til jerv skjer etter 1. september og ut beitesesongen, og at 80 prosent av tapa skjer etter 1. august. Tidlegare sanking i område der jerven har prioritet vil difor ha effekt, meiner organisasjon, som ber regjeringa gi kompensasjon til sauebønder som følgjer dette opp.

– I område der jerven har prioritet bør bøndene få støtte til såkalla tidleg nedsanking av sau. Dette tiltaket er mykje betre enn hiuttak. Vi har bede regjeringa prioritere dette førebyggjande tiltaket i forslaget til statsbudsjett, uttalar Lundemo. (©NPK)

Til toppen