NEDGANG: Talet på dødsulykker på norske vegar har aldri vore lågare enn i år. Så langt har det vore 34 færre omkomne i trafikken samanlikna med fjoråret. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NEDGANG: Talet på dødsulykker på norske vegar har aldri vore lågare enn i år. Så langt har det vore 34 færre omkomne i trafikken samanlikna med fjoråret. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Rekordlåge dødstal på vegane

I løpet av dei ni første månadane av året har 92 menneske mista livet i trafikken. Det er 34 færre enn på same tid i fjor.

Årdal/Lærdal: Det viser tal som Statens vegvesen presenterte onsdag. På dette tidspunktet i fjor hadde 126 personar mista livet i trafikken. 

I førre månad, september, omkom 12 menneske, noko som også er ein nedgang sett i forhold til dei to åra før.

– Me har rekordlåge dødstal på norske vegar. Dette er resultatet av ein felles innsats frå mange aktørar og brei og målretta satsing over lang tid. Eg vil takka alle som køyrer pent og ansvarleg, tar omsyn, og som på andre måtar bidreg til at færre enn før dør i trafikken, seier Guro Ranes i Statens vegvesen.

No ventar det som gjerne er dei verste månadane for bilførarar. Haustmånadane byr på dårleg sikt og føre.

– Me går no inn ei krevjande tid med mørke, glatte vegbaner, mykje regn, frost og snø. Dette må trafikantane ta høgde for. Tryggleiksmarginane er mindre enn elles.

Medan tala for motorsyklistar held seg stabilt, er talet på omkomne syklistar gått ned. Det trass i at fleire syklar no enn før.

– Alt tyder på at fleire syklar meir enn nokonsinne. Me har frykta at dette skulle gje utslag i ulykkesstatistikken. Me er glade for at statistikkane så langt viser det motsette, seier Ranes.

Til toppen