REKORDLÅGT: Ventetidene i Helse Førde er rekordlåge. Mot slutten av fjoråret venta pasientane i snitt 41 dagar. Det er ein reduksjon på 22 dagar frå året før. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).
REKORDLÅGT: Ventetidene i Helse Førde er rekordlåge. Mot slutten av fjoråret venta pasientane i snitt 41 dagar. Det er ein reduksjon på 22 dagar frå året før. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).

Rekordlåge ventetider i Helse Førde

Gjennom heile fjoråret var ventetidene i Helse Førde rekordlåge, skriv føretaket i ei pressemelding. 

Lærdal/Førde: Mot slutten av fjoråret venta pasientane i snitt 41 dagar. Dette er ein reduksjon på 22 dagar frå året før. 

Kravet frå styresmaktene var at ventetida i spesialisthelsetenesta skulle vere under 65 dagar i 2016. Så langt har Helse Førde altså langt betre ventetider enn kravet. 

Helse Førde har heile året vore i framkant av krava på alle område, og vi er nøgde med rekordresultatet som er nådd så langt, heiter det i den årlege meldinga som styret skal handsame neste veke.

Årleg melding er Helse Førdes rapport på oppfølging av dei mål og krav som er sett av eigaren, Helse Vest. I framlegget til vedtak i styret heiter det at meldinga synleggjer at Helse Førde har synt god utvikling og auka kvaliteteten innanfor fleire sentrale område.

Tala betyr at Helse Førde har dei kortaste ventetidene av føretaka i Helse Vest. Smastundes Helse Vest dei kortaste ventetidene av dei fire helseregionane.

Det er innanfor psykisk helsevern ventetida er kortast med 29 dagar mot slutten av 2016. 

Til toppen