REKORDLÅGT: Beitesesongen 2015 er den beste på lenge, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Lågast var tapstala for kommunane i Indre Sogn. Arkivfoto: Jan Christian Jerving. 
REKORDLÅGT: Beitesesongen 2015 er den beste på lenge, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Lågast var tapstala for kommunane i Indre Sogn. Arkivfoto: Jan Christian Jerving. 

Rekordlågt tap av sau og lam

Beitesommaren 2015 vart den beste på lang tid med få tap og gode slakteresultat.

Årdal/Lærdal: Tap av sau og lam på utmarksbeite er lågare enn på lenge, melder Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I 2015 gjekk gjennomsnittleg tapstal i fylket ned frå 6,3 prosent til 4,5 prosent. 

Samanlikna med landet, er dette gode tal sidan gjennomsnittet her var på 6,6 prosent. Dei lågaste tapstala finn ein i kommunane i Indre Sogn saman med Gloppen, Naustdal og Stryn. Her var tapstala under 4 prosent, medan Selje og Vågsøy hadde dei høgaste tapa. 

– Beitesesongen 2015 vart til slutt ein svært god sesong trass i ein vanskeleg start. Våren var kald og våt, og med store snømengder i fjellet måtte fjellsendinga mange stader utsetjast med 2 – 4 veker, skriv Fylkesmannen.

– Enkelte valde ikkje å sleppe dyra på utmarksbeite i det heile på grunn av at sesongen vart så kort. Men fjellbeita vart gode og graset heldt seg friskt langt utover hausten, nokre stader vart difor sankinga utsett 1-2 veker for å nytte dei gode beita.

Oppsummert kan ein seia at 2015 var den beste beitesommaren på lang tid med gode slakteresultat og lite tap. Det var heller ingen store rovdyrangrep, og for dei fleste beitelaga gjekk tapstala på lam ned.

Men ørn og rev er eit aukande problem, fortel fleire av beitelaga. I fjor var også alveld og flått eit problem for mange enkelte stader.

Til toppen