MARKNADSHELG: Marianne Voldum, Jon E. Tamnes og Astrid Trulssen i Lærdalsmarknaden alle i Indre Sogn velkomen til Lærdalsmarknad i helga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MARKNADSHELG: Marianne Voldum, Jon E. Tamnes og Astrid Trulssen i Lærdalsmarknaden alle i Indre Sogn velkomen til Lærdalsmarknad i helga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Rekordmange boder til Lærdalsmarknaden

– For første gong har me måtta avvise folk som ønskjer å selja produkt.

Lærdal: Lærdalsmarknaden har røter heilt tilbake til 1500-talet, og i 2016 er marknaden like populær. Tel ein opp tale på boder, så har det faktisk aldri vore meir populær i nyare tid.

– For første gong har me måtta avvise og seie at det er fullt. Då har me sagt at me har folk som sel liknande produkt, og dessutan er det ikkje plass heller, seier Astrid Trulssen. 

I helga vert den årlege Lærdalsmarknaden arrangert, og ein treng nok ei heil helg dersom ein skal rekke å stikke innom alle bodene som sel alt mellom himmel og jord. I år kjem det 105 boder til marknaden. Det er ny rekord. 

– Me meiner me kan handtere det fordi me har knytt til oss hjelp til plassering frå tekniske tenester i kommunen. Då torer me å ta imot litt fleire enn vanleg, seier Jon E. Tamnes. 

Kvalitet

Då folk fortsatte å ringja, måtte dei rett og slett seia nei – både fordi marknaden har eksisterande produkt, men også for å halde alt samla i Gamle Øyri og ikkje over heile sentrum.

– Me ønskjer ikkje at det vidar seg for voldsomt ut heller slik at ein mistar denne tettleiken, seier Trulssen.

– Dessutan ønskjer me å halde ein kvalitet på marknaden, der produkta som vert tilbydd er av høg kvalitet, legg Marianne Voldum til. 

Historisk sus

Lærdalsmarknaden har lange tradisjonar. Skriftlege kjelder syner at det var marknad i Lærdal heilt tilbake på 1500-talet.

– Handelen var strengt regulert på den tida. Kjøpsstadane kunne drive handel frå faste lokale, men kongen kunne gi løyve til marknader. Difor har Noreg ein god del historiske marknaden, som Lærdalsmarknaden, fortel Tamnes. 

– Då kunne det skje varebyte utanfor kjøpsstadane. Lærdal var eit naturleg kommunikasjonspunkt. Då kunne ein kome frå Bergen og kysten, medan bøndene i dalene på Vestlandet kunne ta med seg sine produkt og byte, selje eller treffe andre.

Det er med andre ord ein historisk sus over marknaden, som i nyare tid vert arrangert for 35. gong denne helga. I år er det den historiske Kongevegen som er tema, noko ein vil merke på opninga, der historiske kart skal synast fram. 

Marknaden har sjølvsgat også ein kulturell sus over seg. Forutan at ein kan handle varer, vert det kulturelle innslag som bandstand, konsert med kor, Vossarebels og Eirik Sognnes og Heil ved. Speletreffen er 30 år, og det vert sjølvsagt seniordans. 

Til toppen