GLA' I LÆRDAL: Rekordmange born vil vere med på kultur- og aktivitetsveka i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.
GLA' I LÆRDAL: Rekordmange born vil vere med på kultur- og aktivitetsveka i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.

Rekordmange er glade i Lærdal

Rekordmange born vil vere med på kultur- og aktivitetsveka i Lærdal.

Lærdal: Då går ulike lag og foreiningar saman med Oppvekst og Kultur i Lærdal kommune for tredje året saman om å skape ein «bygdecamp» med ulike aktivitetar og opplevingar.

I tre dagar skal dette pågå i Lærdal frå neste veka. 

– Me prøver å få til aktivitetar for alle, og i år har me sett sentrum av bygda i fokus. Me vil ha eit sentrum med aktive born og unge, seier Hallvard Thomassen frå Arbeidsgruppa «Gla’i Lærdal».

I tillegg til alle aktivitetane vert det felles lunsj for alle som deltek. Det heile vert avslutta med eit arrangement i Kvammegården på onsdag kveld. 

Det er no over 140 born og unge som har meldt seg på. I år er det også eit samarbeid med  prosjektet «Levende Lokaler».

– Lærdal er ein av tre plassar i landet som er med på dette prosjektet, og her er det viktig å få engasjert dei unge, seier Tone Boska, prosjektleiar i Levende Lokaler i Lærdal.

Ho håpar på at fleire i gruppa 7.-10.klasse vert med.

Arrangementet vert gjennomført med pengestøtte frå Lærdal Næringsutvikling og Indre Sogn Sparebank sitt Gåvefond. I tillegg stiller lag og organisasjonar opp på dugnad og ulike næringsaktørar bidreg også. Det gjer det mogeleg å gjennomføre opplegget utan kostnad for deltakarane.

– Under arrangementet, som har fast holdepunkt på Gamle Holdeplassen på Øyri,  vert born og unge sendt rundt i sentrum på ulike aktivitetar. Det er viktig at alle andre som ferdas i sentrum tek omsyn til aktiviteten, seier Thomassen.    

Til toppen