REKORD: Både i Lærdal og Årdal vart det felt fleire hjortar enn nokon gong under jakta i haust. Illustrasjonsfoto
REKORD: Både i Lærdal og Årdal vart det felt fleire hjortar enn nokon gong under jakta i haust. Illustrasjonsfoto (Foto: Privat foto)

Rekordmange felte hjort under jakta i Årdal og Lærdal

Over 700 hjortar vart felte i jakta i haust i Lærdal, Årdal og Aurland.

Indre Sogn: – I Årdal er det ein skikkeleg saftig rekord, og det er jo meininga ettersom dei organiserer jakta gjennom bestandsplanområde for første gong og har auka tal løyver vesentleg, seier viltforvaltar i Årdal, Lærdal og Aurland, Knut Fredrik Øi.

Av totalt 212 tildelte løyver i Årdal kommune vart 152 hjort felt under jakta i haust mot 115 i 2015. Talet på løyver var auka med femti i 2016 i høve 2015.

Les også: Aukar kvoten med 50 dyr

Såleis har fellingsprosenten halde seg på rett over 70 prosent begge sesongane, trass den monalege auken i tal løyver, noko Øi meiner syner at det heilt klart er potensiale for å ha ein meir offensiv fellingsstrategi i Årdal enn ein har hatt tidlegare

– Dei skulle fella meir, og det er akkurat det som har skjedd. I nabokommunen Luster er det 375 dekar per løyve, og når det då har vore 1200 dekar per løyve i Årdal tidlegare år verkar det i alle fall for meg rimeleg at ein auka kvoten her denne sesongen, seier Øi.

397 hjorta felte i Lærdal, 166 i Aurland

Også i Lærdal vart det fellingsrekord i haust, men den var vesentleg meir marginal.

– Det er snakk om nokre få dyr. Til jakta 2015 auka ein talet på løyver i Lærdal fordi ein meinte det var potensiale for å ta ut hundre fleire dyr, men det året gjekk fellinga ned med femti dyr i staden i høve året før. No har ein kome seg oppatt på 397 felte hjort, som er nokre få fleire enn i 2014, seier Øi.

I 2014 vart det felt 392 hjortar i Lærdal, som var rekord då. I 2016 felte altså jegerane fem fleire. I 2015 vart det felt 355 hjortar i Lærdal.

Aurland på si side har hatt svært jamn felling – dei fem siste jaktsesongane har skilnaden på lågaste og høgaste felling vore 15 dyr. Høgast felling i denne perioden var no i haust med 166 hjort, lågast i 2013 med 151. I Aurland vart det ikkje fellingsrekord i haust ettersom det i 2010 vart felt 187 hjortar i kommunen.

Totalt vart det altså felt 715 hjortar i Lærdal, Årdal og Aurland i løpet av jakta 2016.

I høve tildelte løyver var fellingsprosenten høgast i Årdal med knapt 72 prosent. I Lærdal låg den på knapt 60 prosent og i Aurland på drygt 55.

Ber bøndene passa på rundballane

Det er i Lærdal det blir felt definitivt mest hjort i Indre Sogn, men det er også i Lærdal det blir påkøyrt mest hjort.

Les også: Denne kalven gjekk med to brot i foten i ein månad

Les også: Det kan kosta deg dyrt å stikka frå denne

Artikkelen held fram under biletet

MANGE: Det har vorte påkøyrt eit titals hjort i Lærdal berre etter jul - natt til tysdag vart denne spissbukken påkøyrt på Ljøsne. Her blir den fjerna.
MANGE: Det har vorte påkøyrt eit titals hjort i Lærdal berre etter jul - natt til tysdag vart denne spissbukken påkøyrt på Ljøsne. Her blir den fjerna.

Viltforvaltar Øi meiner det er mogleg å få ned talet påkøyrde hjort med visse tiltak:

– Påkøyrsleproblematikken i Lærdal er kjend og mange ting verkar inn. Men for meg verkar det soleklart at ein av grunnane er rundballar som ligg i nærleiken av vegen, og som ikkje er gjerda inn eller beskytta på anna vis.

Øi ber bøndene setja inn tiltak for å gjera rundballane mindre tilgjengeleg for hjorten. 

TILTAK: Når rundballar blir sundrivne tyder det på at dei tiltrekkjer seg hjort og i slike høve ber viltforvaltar Øi bøndene om å setja inn tiltak. Illustrasjonsfoto.
TILTAK: Når rundballar blir sundrivne tyder det på at dei tiltrekkjer seg hjort og i slike høve ber viltforvaltar Øi bøndene om å setja inn tiltak. Illustrasjonsfoto.

– Me har prøvd å stimulera til at ballane blir gjerda inn, noko som har fungert veldig bra på Borgund - der har så og seia alle bøndene gjort dette. Men lengre nedi bygda, særskild på Tønjum og til dels Eri er det mykje å gå. Det kan liggja mange ballar ved sidan av kvarandr med hôl i fordi hjorten har gnagd seg gjennom plasten. Og ein ser flokkar på mellom femti og hundre hjort kryssa att og fram i desse områda.

Øi vurderer no ulike tiltak og fortel det kan bli aktuelt å setja hardare lut til

– Me blir nøydde til å gjera noko, og eg undersøkjer kva me kan gjera. I første omgang vil det gå ut eit brev til dei bøndene som har rundballar liggjande i nærleiken av vegen som heilt openlyst tiltrekkjer seg hjort. Det kan også bli aktuelt å kopla inn politiet for å eventuelt gje pålegg om fjerning eller inngjerding av ballar.

Til toppen